Nyhende
Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!
Årdalstangen Musikklag går inn i sin sjuande periode sidan oppstarten av sponsorprogrammet i 2008. Med sterke røter i lokalsamfunnet og ei imponerande stønadsvilje frå næringslivet, markerar 2026 starten på tre nye år i sponsorprogrammet. Dette samarbeidet betyr svært...
Adventskalendaren vår er i sal!
Om 6 dagar er november over og vi går inn i julemånaden og adventstida. Korpset sin adventskalendar er no i sal. Vi voner du vil støtte oss ved å kjøpe ein eller fleire.
Velkomen til sesongstart
Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...
Konsertar
Konsert laurdag 21. februar
No nærmar det seg tid for årets hovudkonsert – eitt av dei store høgdepunkta i korpsåret! Me inviterer til ein kjekk og uformell konsertkveld fylt med speleglede, godt humør og variert musikk. Du får høyra alt frå swing og norsk populærmusikk til film-, musikal- og klassiske perler. Med musikarar i alle aldrar på scena og fleire unge solistar, ligg alt til rette for ei triveleg oppleving for både store og små. Vel møtt – me gler oss til å spela for dykk!
Musikalsk julegodt tysdag 16. desember
Korpset ynskjer deg hjarteleg velkomen til Musikalsk Julegodt 2025 nøyaktig 8 dagar før julekvelden, tysdag 16. desember.
Me fyller kyrkja med vakker julemusikk, solistar og song – alt du treng for å koma i ekte julestemning.
Konsert laurdag 8. mars
Velkommen til den første konserten vår i 2025! Me kan by på eit ekstra spennande program i år. Vi har med oss jazzmusikaren Didrik Ingvaldsen som har laga nokre låtar til oss, og også Farnes Skulemusikk.
Våre sponsorar 2026-2028





