Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss.
No er det ikkje så lenge før den kjem i sal. Vi skal sjølvsagt informere godt om korleis du får tak i den. Prisen pr. kalendar er den same som i fjor, kr. 100.
Vi nyttar høvet allereide no å takke alle sponsorane som støttar oss år etter år og gjer lotteriet til eit veldig viktig inntektspost for korpset.


Tal kalendarar for sal er framleis 1000 og det er totalt 33 vinstar med ein samla verdi på kr. 24 000.


