Takk for 1,5 millionar kroner i sponsorbidrag!

Publisert: 15. mars 2020

Det er ein rar søndag. I dag skulle vi eigentleg kvilt ut etter ei hektisk seminar- og konserthelg. Vi skulle presentert flott og variert musikk som vi har øvd på lenge. Musikken får vi vente med å presentere for dykk til hausten. På konserten skulle vi også gjort stas på dei lokale bedriftene som vil vere faste støttespelarar til korpset dei neste 3 åra.

Slik gjekk det ikkje denne gongen, men vi får utnytte dei sosiale media til å gi dei litt av den merksemda og takken dei fortener. Og så får vi gje dei meir heider til hausten.

Grovt rekna kan vi dele inntektene våre i tre like store delar; medlemmane sin eigeninnsats, sponsormidlar og ikkje minst grasrotgjevarane våre. Vi starta sponsorprogrammet vårt i 2008 og dei aller fleste bedriftene har vore med sidan den gongen. Til saman har dei støtte korpset med omkring 1,5 millionar kroner sidan den gong! Altså – 1 500 000 kroner! Det er ufatteleg mykje pengar for dei fleste, og har verkeleg vore til utruleg stor hjelp for korpset! Takk til alle bedriftene som har støtta oss gjennom desse åra.

Vi oppmoder alle til å handle lokalt og den oppfordringa har vel aldri vore så aktuell som i desse dagar!

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more