Ein unik tradisjon vert til

Publisert: 14. oktober 2024

Søndag 6. november for 20 år sidan stilte vi oss opp på kyrkjetrappa heilt på eige initiativ ein ettermiddag for å spele salmar. Det var ganske tomt for folk både innanfor og utanfor kyrkjemuren, og dei få som var i nærleiken spurte om kvifor vi spelte der. Vi hadde sikkert eit svar den gongen, men no klarer ikkje å minnast kvifor. Anna enn at vi likte å spele salmar (som i dag) og dessutan at det var Helgemessesøndag.

Dette vart starten på ein kjær korpstradisjon for både oss og publikum, med kyrkjegardskonsertar i samband med Helgemesse. Vi trur kanskje at vi er det einaste korpset i landet som har denne tradisjonen, men kan sterkt tilrå den til andre korps.

Dei tre første åra spelte vi utanom gudstenestetida på Helgemessesøndagen. Også av uviss grunn, valde vi å flytte spelinga til laurdagen før Helgemesse, og til kokka fem på ettermiddagen når mørkret fell på. Den viktigaste grunnen er sikkert at mange er på kyrkjegarden på den tida for å tenne lys på gravene til sine. Når vi skriv november er det ikkje sjølvsagt at vêret er på vår side for utespeling. To gonger har vi trekt inn i kyrkja på grunn av vêret, men det er utandørs vi ynskjer å spele denne dagen.

Laurdag 2. november inviterar vi altså til denne lille, stemningsfulle konserten for 20. gong. Er du i nærleiken, voner vi du stoppar opp og lyttar ein halvtimes tid. Vi spelar ei blanding av kjende salmar og anna høveleg musikk ein halvtimes tid.

Det er ikkje kvelden for applaus – den tek vi gjerne imot på andre konsertar og speleoppdrag.

Etter endt speling har vi også tradisjon for å gå ein runde på kyrkjegarden og tenne lys på gravene til avlidne korpsmedlemmar. Det er ein fin måte å minnast deira innsats i korpset. Nokre ga av seg og si tid i ein mannsalder og vel så det, medan andre gjekk bort alt for tidleg.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more