Adventskalendaren vår er i salg!

Publisert: 8. november 2023

No er vi i gang med sal av adventskalendaren for 2023. Kalendaren kostar 75 kroner og alle inntekter går uavkorta til korpset.

Dette er eit av to lotteri korpset gjennomfører årleg, og gir viktige inntekter til drifta av korpset. Vi håpar mange vil støtte oss ved å kjøpe kalendaren.

Gevinstar som støttar lokalt næringsliv

Me veljer å ha gåvekort frå lokale bedrifter i Årdal som gevinstar. På denne måten vil vi gje litt attende til alle bedrifter som støttar oss på ulike måter.

Om du vinn kjem an på kor mange juletrær du finn bak dei 24 lukene. Med 7 juletrær stikk du av med hovudgevinsta. Heile gevinstlista ser du nedanfor.

Her får du kjøpt kalendaren

Alle korpsmedlemmar har kalendarar for sal og i tillegg sitt me på Rema 1000 på fredagar og laurdagar, og sikkert nokre andre dagar også.

Om du ikkje treff på oss, kan du også bestille direkte frå korpset :

  • Gå inn på Facebook-sida vår og skriv eit innlegg eller send oss ei melding.

Felles uansett måte er at vi ber deg oppgi namn/adresse til den eller dei du ynskjer levering til – og tal kalendarar. Vi leverar på døra i Årdal, og kan etter avtale sende mot betaling av porto. Betalingsmåte avtalar vi nærare når du får kalendarane.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more