Møte med ny kulturskulerektor

Publisert: 5. september 2024

Vi var sjølvsagt veldig spente då det før sommaren vart klart at dåverande rektor i kulturskulen, Sigyn Øren, skulle over i ny jobb. Ville kommunen klare å rekruttere inn ein ny rektor med korpskompetanse? Kva slags tankar og idear ville hen komme med? Vert kjemien god?

Ikkje noko å seie på stemninga på første møte med Thor Øyvind.
F.v. Kristin H. Horge (styreleiar), Thor Øyvind Nordby (kulturskulerektor), Wenche H. Kulset (styremedlem), Michael Zerbst (styremedlem), Oddgeir Øren (dirigent).

Det er sikkert ikkje alle sambygdingar er klar over at korpset tilbyr alle ungar på Tangen skule gratis grunnopplæring på korpsinstrument i kulturskulen. Forrige skuleår var det 16 elevar på Tangen skule som fekk dekka elevkontingenten i kulturskulen. Dette er ei ordning vi har hatt i ca. 10 år og som legg beslag på ein ganske stor del av inntekta vår kvart år. Det er vel anvende pengar, men vi er naturleg nok heilt avhengig av eit godt samarbeid med kulturskolen for å kunne forsvare ordninga.

Midt i korpssommarferien kom meldinga frå kommunen om at Thor Øyvind Evje Skogli Nordby var tilsett som rektor. Dagen etter kom Sogn Avis med ein utfyllande presentasjon av den nye rektoren. Det var nesten for godt til å vere sant – han tikka av på alt me ynskte oss av korpskompetanse. Men spente på personen var me framleis.

No er vi godt i gang med haustsesongen og det var på tide å møte den nye rektoren. Han var rask med å seie ja til å møte oss, då styreleiar Kristin kontakta han for litt over ei veke sidan. I går møttest vi til ein uformell prat om behov, tankar og idéar. Praten gjekk lett og mange spennande idéar vart diskutert. Noko vil ta litt tid til dei eventuelt kan gjennomførast – andre ting kan fort skje allereie i haust. Det er berre å følge med.

Vi ynskjer Thor Øyvind med familie velkomne til Årdal og ser fram til samarbeidet. Samstundes vil vi også takke Sigyn Øren for godt samarbeid og ynskje ho til lukke i den nye jobben på kulturhuset i Sogndal.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more