Til helga får me korpsbesøk!

Publisert: 26. mai 2024

Det er ikke ofte me har besøk av eller samarbeider med korps utanfor nærområdet vårt. Det får me imidlertid no til helga då Osterøy Janitsjar kjem på besøk. Dei har vore på besøk hjå oss tidlegare også – for 15 år sidan!

Gjestekorps i 2009

I januar 2009 var Osterøy Janitsjar gjestekorps på årskonserten vår. Så kan ein jo spørja kvifor akkurat dei vart invitert som gjestekorps – og årsaken var berre tilfeldigheitar.

Ein av våre medlemmar med lengst fartstid, Harald Skjerping, er frå Osterøy. Hausten 2008 kom ein ny korpsmusikar til bygda og starta å spele hjå oss. Harald høyrde fort at ho var frå «øyne» og ho hadde sjølvsagt spelt i Osterøy Janitsjar før ho kom til Årdal. Og vipps – før vi avslutta 2008 hadde ostringane takka ja til å vere gjestekorps på konserten vår.

Felleskorpset på den gamle scena i samfunnshuset i 2009. Dirigent var Osterøy sin dirigent, John Brakstad.

Kvifor gjenvisitt i år?

I dei 15 åra som har gått sidan forrige besøk, har det ikkje vore nokon spesiell kontakt mellom korpsa. Ho som var bindeleddet sist, har flytta frå Årdal. Så kva er årsaken til at dei kjem attende no? Det er no dei berømte tilfeldigheitane då…

Ostring Harald Skjerping er framleis «trommis» hjå oss, men denne gongen er det ikkje han som er bindeleddet. Kontakten har gått motsett veg. Hilde Horpen spelte hjå oss i mange år før ho reiste ut for å studera. Ho har vore heimom og spelt med oss manga gonger sidan ho reiste ut. Og så ville det seg slik at ho byrja spele i Osterøy Janitsjar då ho avslutta polikarkarriera. Der har ho også nett har teke over som leiar.

Då Hilde var med på seminar hjå oss sist haust, kom forslaget om gjenvisitt opp. Og vipps, så vart det gjort avtale om at dei skulle komme attende på besøk før sommarferien.

Utekonsert på Tangen laurdag

Når korpsfolk treffest slik som til helga, må det sjølvsagt bli ein konsert. Vi satsar på opphaldsver og marginalt med vind på den fyrste junidagen, og inviterar til utekonsert ved Klingenberg Hotel ein liten time frå kl. 15 førstkommande laurdag. Vil ikkje veret spele på lag, trekk vi inn i samfunnshuset.

Vil slår oss saman og spelar 3-4 fellesnummer i tillegg til at kvart korps spelar nokre nummer kvar for seg.

Forutan speling, skal vi hygge oss saman med god mat og triveleg samvær gjennom helga. Klokka seks på kvelden dreg me dessutan til Øvre og høyrer på Janitsjaren sin vårkonsert. Dra gjerne dit du også!

Les fleire saker

Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Årdalstangen Musikklag går inn i sin sjuande periode sidan oppstarten av sponsorprogrammet i 2008. Med sterke røter i lokalsamfunnet og ei imponerande stønadsvilje frå næringslivet, markerar 2026 starten på tre nye år i sponsorprogrammet. Dette samarbeidet betyr svært...

read more
Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more