17. mai-lotteriet er i gang

Publisert: 30. april 2023

No står mai for døra, og vi er godt i gang med vårt spesielle 17. mai-lotteri. Kvar skal vi spele morgonkonserten vår i år, mon tru? Vær med og bestemme kvar vi skal spele morgonkonserten vår i år med kjøpe lodd.

Loddseljarar i aksjon.

Lotteriet fungerer slik at på dei lodda du kjøper, sett du ein stad på Tangen der du vil vi skal spele ca. kl. 9 på nasjonaldagen. Du kan skrive loddet på ein plass i eit nabolag, ein leikeplass, institusjonar, eigen hage etc. Det er berre å bruke fantasien.

Vi kan dessverre ikkje dra til Vikadalen eller Offerdalen fordi programmet vårt er så tett på nasjonaldagen at vi ikkje vil rekke attende til neste speleoppdrag.

Du finn oss på Rema 1000 på fredag ettermiddag, laurdag føremiddag og enkelte andre dagar, framover mot 17. mai. Loddprisen er 5 kroner.

Vi vil nytte høvet til å takke alle som stoppar opp og kjøper lodd av oss. Støtta betyr mykje for oss!

Les fleire saker

Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Årdalstangen Musikklag går inn i sin sjuande periode sidan oppstarten av sponsorprogrammet i 2008. Med sterke røter i lokalsamfunnet og ei imponerande stønadsvilje frå næringslivet, markerar 2026 starten på tre nye år i sponsorprogrammet. Dette samarbeidet betyr svært...

read more
Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more