Snart haust = Sesongstart!

Publisert: 18. august 2023

Me håpar alle har hatt ein flott sommar og fått lada batteria. No er me klare for haustsesongen og ynskjer nye og gamle «korpsarar» vel møtt til samspel, kjekt sosialt samver og kjekke speleoppdrag.

Fyrste øving etter sommaren er

Tysdag 22. august kl. 1830 i kinosalen på Årdalstangen

Dei aller fleste har sikkert ikkje rørt instrumentet sitt så mykje i sommar. Det tek dirigent Oddgeir omsyn til i planlegging av øvinga. Overtrening er ikkje bra – heller ikkje for musikarar uansett kva nivå ein spelar på. Repertoarmessig startar vi nok litt forsiktig med mest gamalt stoff.

Oddgeir Øren i kjend positur.

Me gler oss også til helgeseminar med Erling i september

Allereie 15.-17. september har vi helgeseminar med Erling Myrseth. Det er blitt ein tradisjon at han kjem over fjellet frå Oslo tidleg i haustsesongen. Han er godt kjend med korpset etter fleire år som gjestedirigent på årskonserten vår og musikalsk leiar for fleire seminar. Då skal vi smake på nytt stoff i leit etter repertoar til konserten vår i mars neste år.

Erling J. Myrseth kan ikkje bare dirigere.

Lyst å bli med og spele?

Sånn ser me ut når me er skikkeleg oppstasa. 😊
Unge og eldre – side ved side.

Lurar på korleis det er å spele i korps? Slutt å lure og ta deg en tur innom til oss. Vi tek svært gjerne imot nye musikantar uansett kva korpsinstrument du kan tenkje deg å spele. Instrument låner du hjå oss og vi skal syte for god opplæring.

Vi er eit generasjonskorps, så her er det inga aldersgrense verken oppover eller nedover.

Dersom du ikkje veit korleis du finn frem til oss, gå til baksida av Årdal Kino («samfunnshuset») og inn den eine døra som er der. Gå ned trappa og inn til høgre i kinosalen. Om du tykkjer det er litt «ekkelt» å berre dukke opp, kan du sende oss ei melding anten på Facebook eller på epost til post@ardalstangenmusikklag.no.

Ynskjer du å snakke med oss først, kan du godt ringe dirigenten vår, Oddgeir Øren, for å høyre litt. Han når du på på tlf. 9752 4505. Om du ynskjer, møter vi deg gjerne utanom øving også.

Du er hjarteleg velkommen til oss!

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i salg!

Adventskalendaren vår er i salg!

No er vi i gang med sal av adventskalendaren for 2023. Kalendaren kostar 75 kroner og alle inntekter går uavkorta til korpset. Dette er eit av to lotteri korpset gjennomfører årleg, og gir viktige inntekter til drifta av korpset. Vi håpar mange vil støtte oss ved å...

read more
17. mai-lotteriet er i gang

17. mai-lotteriet er i gang

No står mai for døra, og vi er godt i gang med vårt spesielle 17. mai-lotteri. Kvar skal vi spele morgonkonserten vår i år, mon tru? Vær med og bestemme kvar vi skal spele morgonkonserten vår i år med kjøpe lodd. Loddseljarar i aksjon. Lotteriet fungerer slik at på...

read more
Knakende kjekk øvingshelg

Knakende kjekk øvingshelg

Det er ein nesten uskreven regel at me samlast til helgeseminar så snart me kjem over i januar. No i helga var korpset samla til både felles- og gruppeøvingar. Det er alltid kjekt med slike samlingar - mengdetrening er gull verdt når det gjeld å knekke koden på dei...

read more