Konsert laurdag 21. februar

Laurdag 21. februar kl. 18

StadÅrdal Kino, Årdalstangen
BillettprisOrdinær billett: kr. 200
Barn u/15 år: Gratis
Ledsagarar: Gratis
BillettkjøpVed inngang (kontant, kort og Vipps)
På førehand med Vipps: Søk opp Korpskiosken (#118857), velg «Konsert 21. feb.» og betal for ønska tal billettar. Sjå også QR-kode for rask oppslag til billettsalg, nederst på sida.

Samspel på tvers av generasjonar

No nærmar det seg eitt av dei viktigaste høgdepunkta i korpsåret vårt – den årlege hovudkonserten. Kvart år sidan 60-årsjubileet i 2007 har me halde hovudkonserten på denne tida. Det betyr sjølvsagt at me allereie no ser fram mot jubileumsmarkering i 2027.

Dette er òg vår fyrste opptreden i eit nytt år der me reknar med at det som vanleg vert mellom 15 og 20 små og store speleoppdrag før året er omme.

Me gler oss stort til å møta publikum att og inviterer til ein kveld fylt med speleglede, godt humør og variert musikk. Konserten er samstundes ei feiring av fellesskap, frivilligheit og musikkglede i lokalmiljøet.

Som vanleg vert det pause med forfriskingar og høve til ein prat. Me håpar du tek turen denne kvelden – korpset, under leiing av dirigent Erling Myrseth, vil gjera sitt beste for å skapa ei kjekk og uformell konsertoppleving for både store og små. Målet vårt er at publikum skal gå heim med eit smil om munnen.

Dirigentane har sett saman eit program med stor sjangermessig breidde. Du får høyra alt frå swing og norsk populærmusikk til musikk frå filmar og musikalar, i tillegg til klassiske perler. Noko vil vera velkjent, medan anna kanskje er ganske nytt for ein del. Fleire av stykka vert framførte med solistar frå eigne rekkjer, noko som bidreg til ekstra variasjon i konserten.

Me er som kjend eit generasjonskorps med musikarar i alle aldrar – frå 9 til over 80 år. Dette er noko av det me set aller mest pris på – at born og vaksne spelar side om side og skapar musikk saman. I hovudkorpset har me denne hausten hatt ei gledeleg auke i besetninga med heile ni nye musikarar. Sjølv om sjukdom skulle setja nokon ut av spel, vil det difor stå rundt 30 musikarar på scena.

I år vert det òg ekstra mange unge musikarar med på konserten, då me har med oss eigne aspirantar og juniorar. I tillegg kjem Farnes skulemusikk, som også har med sine aspirantar og juniorar.

Vel møtt – me gler oss til å spela for dykk!

Billettar kan du kjøpe i døra både med kontantar, kort og Vipps.

På Vipps kan du også kjøpe billettar på førehand:

Søk opp Korpskiosken/#118857 eller scann QR-koden nedanfor og velg «Konsert 21. feb.» og betal for ønska tal billettar du vil kjøpe. Billettpris kr. 200 (barn u/16 år kr. 100).

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more