
Forrige basaren til korpset var i 2024. Då bestemte vi oss også for at vi skulle ha basar berre anna kvart år, så no står den neste for tur.
Basarane har stått i kø i bygda i haust. Di støtte er viktig for at me skal kunne halde fram med å bidra med musikk ved store og små hendingar i lokalsamfunnet, og gje ungar eit tilbod om å spele i korps. Difor håpar me at du kjem på basaren vår søndag 15. november kl. 17 i Årdal Kino (foajéen og kantina).
Viktig inntekt til instrumentopplæring av ungar
Korpset har ei viktig rolle i lokalmiljøet. Me får noko offentleg støtte, men mesteparten av drifta må vi skaffe midlar til sjølve. Skal me ha korps i framtida, er det viktig med rekruttering av både vaksne (nye og «rustne» musikantar) og ikkje minst, born og ungdom. Difor er det avgjerande at me kan tilby musikkinteresserte born og ungdommar på Tangen god grunnopplæring på korpsinstrument slik at dei kan få oppleve gleda ved å ha korps som hobby.
Dette gjer vi gjennom KORPSLØPET, eit samarbeid vi har med Kulturskulen. Det startar med klassekorps i vårsemesteret i 3. klasse på Tangen skule. Her stiller korpset «berre» med instrumentsett til heile klassen. Dersom vi har klart å vekke interessa til å halde fram, kan ungane melde seg inn i korpset. Då dekkjer korpset i fyrste omgang grunnopplæringa gjennom kulturskulen og supplerar med instrument og utstyr som trengst. Dei fyrste 2-3 åra deltek dei på utvalde aktivitetar i kropset sin regi. Når lysta til å spele meir og også meir krevjande musikk, kjem, kan dei gå over i hovudkorpset som aktive korpsmusikarar.


Glimt frå basaren i 2024.
Stor gjevarglede og mange, flotte gevinstar
Me har fått utruleg mange bidrag til basaren frå både medlemmar, andre privatpersonar og lokale bedrifter so langt. Det gjer at me har mange flotte gevinstar som skal loddast ut.
Om du ynskjer å bidra med ei gåve, sett vi stor pris på det. Du kan kontakte leiaren vår, Odd Øren, på tlf. 91761455, eit korpsmedlem du veit om eller sende oss ei melding på Facebook. Om du vil gje ei pengegåve, kan overføre pengar til korpset sin bankkonto 3730.20.28509 eller vippsa eit beløp til #118778 (Årdalstangen Musikklag).
Vi nyttar høvet til å takke alle gjevarar for gåvebidrag!
Ikkje fått kjøpt lodd enno?
Me kjem framleis til å sitte på butikkar og selje lodd fra mot basardagen, kanskje oftast på Rema 1000 på Tangen. Denne gongen har me også Digitale loddbøker i Vipps for deg som ikkje treff på nokon loddseljar – eller har lyst å kjøpe fleire lodd. Dei digitale loddbøkene går inn i trekkinga på akkurat same måten som vanlege papirbøker – du har altså akkurat same vinnarsjanse.
Slik kjøpar du lodd i digitale loddbøker:

Velkomen på basaren 15. november
Då gjestår det å ynskje alle – store som små – hjarteleg velkomne til ein triveleg kveld med med åresal, pauselotteri og trekking på loddbøker. Me byr på rikeleg med gratis kaffi, te, saft og heimebakte kaker attåt loddsal og trekkingar.
Me håpar på godt oppmøte og ser fram til å møte både gamle og nye vener av musikklaget. Kvar krone som vert samla inn, gjer ein stor forskjel og bidreg til å sikre framtida for Årdalstangen Musikklag – og ikkje minst, sikre at fleire unge får sjansen til å finne ut at korps er ein knakande kjekk hobby.



