Årdalstangen Musikklag går inn i sin sjuande periode sidan oppstarten av sponsorprogrammet i 2008. Med sterke røter i lokalsamfunnet og ei imponerande stønadsvilje frå næringslivet, markerar 2026 starten på tre nye år i sponsorprogrammet. Dette samarbeidet betyr svært mykje for korpset.
Gjennom snart to tiår har lokale bedrifter vist ein heilt spesiell vilje til å støtte opp om korpset. Det er i hovudsak dei same sponsorane som har vore med heile vegen – ein kontinuitet vi både er stolte av og djupt takksame for. Vi «grugledar» oss kvar gang vi skal ut og be bedrifter om å støtte oss i tre år, men gong på gong er opplever vi å bli tekne godt imot av eit næringsliv som verkeleg bryr seg om aktivitetane vi skaper for korpsmusikarar frå 9 til over 80 år – 55 i talet no i 2026.
Sidan 2008 har sponsorane bidrege med fantastiske 2,5 millionar kroner til arbeidet i korpset. Denne støtta har vore avgjerande for at vi kan ha eit breitt og inkluderande tilbod. Saman med Grasrotgivarar gir dette oss høve til å tenkje langsiktig og satse på kvalitet i opplæringa.
Utan denne økonomiske ryggrada hadde det mellom anna ikkje vore mogleg for oss å tilby grunnopplæring på korpsinstrument for ungar som ønskjer å spele i korps. Dette er eit tilbod som senkar terskelen for deltaking og gjer at fleire får oppleve meistring, fellesskap og musikkglede – verdiar som står heilt sentralt i arbeidet til korpset.
Dette er sponsorane våre for 2026-2028 – støtt dei når du kan:



