Wenn jemand eine Reise tut

Publisert: 17. november 2010
Høg stemning i festivalteltet i St. Martin.

Vi skriv midten av november og er heime igjen etter ei kjempetriveleg langhelg i Tyskland. Litt av inntrykka er fordøyd og det er på tide å skrive ei lita – eller kanskje stor – reiseskildring til dei som ikkje kunne vere med på turen. Dei gjekk verkeleg glipp av mange opplevingar og mykje moro. Denne artikkelen vil berre kunne gi ein liten smakebit.

Torsdags morgon starta bussen i Øvre klokka halv sju med våre 6 reisande derifrå. Etter å ha samla opp resten av dei 26 reisande på Tangen, sette vi kursen for Flesland klokka sju. Og det var slett ikkje søvnige musikantar som inntok bussen – latteren stod i taket frå fyrste stund. Og slik heldt det seg gjennom heile turen. Det vart mange såre magemusklar etterkvart.

35 år sidan sist!

Korpset kan ikkje skilte med noko sterk utferdstrong. Midt på 70-talet hadde vi ein særs vellukka tur til England der vi mellom anna fekk møte Black Dyke Band på øving. Om det var det som tok luven av oss vites ikkje, men det skulle altså gå 35 år før ein ny tur vart gjennomført. Og det er iallefall sikkert: Det skal ikkje gå 35 år til neste gong! Og kvifor ikkje? Det kan seiast med orda til ein tysk diktar som heiter Matthias Claudius som levde på siste halvdel av 1700-talet:

Wenn jemand eine Reise tut,
So kann er was verzählen.
D’rum nahm ich meinen Stock und Hut
Und tät das Reisen wählen.

Det er nemleg slik at om ein ikkje tek seg ein tur ut ein gong i blant, så vert det mindre å fortelje vidare til dei som kjem etter.

Tilfeldigheitane rår

Som sikkert mange veit, er bakgrunnen for besøket til Tyskland at ein lærling frå BASF i Ludwigshafen var på utveksling hjå laboratoriet til Hydro her i Årdal. Dette er ei skikkeleg solskinshistorie på korleis slike utvekslingsprogram skal verke. Vi snappa tilfeldigvis opp at den besøkande lærlingen Jens Hoffmann var slagverkar. Då vart han sjølvsagt dregen med på øving hjå oss dei tre vekene han var her i bygda. Og vips – så kom det ein invitasjon om å komme på vitjing til KAB Blaskapelle i St. Martin.

St. Martin an der Weinstrasse er ein av dei mest idylliske landsbyane i Tyskland. Byen er freda og har gamle og velstelte bygningar. Namnet har byen etter helgenen St. Martin av Tours og midt i november feirar Tyskland han med ein festival som også avsluttar innhaustinga. Det var denne festivalen vi hadde gleda å bli invitert ned for å oppleve. Vi skulle spele konsert både på fredags- og laurdagskvelden og ellers få ta del i den spesielle festivalen.

Det vart ei minnerik helg. Vi fekk vitje tre byar, besøke storindustri og vinprodusent, rusle i idylliske gater og bli kjent med tyske korpsmusikarar. Frå torsdag til fredag overnatta vi i Ludwigshafen for å få med oss eit besøk hjå storbedriften Badische Anilin- und Sodafabrik eller BASF som dei er meir kjend som.

Siste dag før heimreise

Etterpå fekk vi høyre korpset til Jens, KAB Blaskapelle der KAB står for Katolische Arbeiter Betrieb – altså korpset til ei katolsk arbeiderforening. At dei kunne kunsten å lage stemning fekk vi fort sjå. Dei både song, jodla og gjorde apestreker. Vi tykte no etterkvart synd i dei, for dei spelte i samfulle 5 timar på laurdagskvelden med bare korte pausar. For å si det sånn – notemappa var tjukk som ein advokatperm.

Når ein vert beden på besøk er det skikk og bruk å ha med seg gåve til verten. Då Jens var her i Årdal, snappa vi opp at både han og familien var veldig glad i norsk røykelaks. Difor hadde vi teke med oss nokre sider med røykelaks frå Lærdalsmat som gåver både til Jens og korpset. Og sjølv om boka ikkje var komen i sal, hadde vi fått med oss to eksemplar av den nye boka «Årdal – hva?» som gåve. Den eine fekk KAB Blaskapelle, den andre fekk omvisaren vår hjå BASF.

Vi nytta også høvet til å spre 1000 turistbrosjyrar om midtre/indre Sognefjord som reisemål. At det var interessant lesnad for tyskarar fekk vi sjå når dei vart lagt ut i festivalteltet. Dei heiv seg over dei som gribbar og mange av oss måtte fortelje meir om heimplassen vår. Kanskje kjem det hopen med tyskarar fra Neustadt-området til Indre Sogn til sommaren?

Heimreiseleik

Då heimreisa starta kl. 6 søndags morgon, var det mange trøytte fjes i bussen. Dei fleste nytta høvet til å få eit par timars søvn på turen til flyplassen. Heimreisa gjekk like knirkefritt som turen til Tyskland og litt før kl. 13 satt vi på bussen frå Bergen til Årdal.

Tidtrøyte på bussturane var heimelaga quizzar med særdeles nyttige premiar. På heimveg tok vi ein annan variant. Hilde og Rebecca skreiv ei kort reiseskildring der alle adjektiv var fjerna. Så samla dei inn adjektivforslag frå alle i bussen og putta dei inn i teksten som då vart slik:

«Torsdags morgon reiste ein stor gjeng til rare Tyskland. Med på denne turen var blaute Susanne, den svoltne Arne, den fikse Terje, den jålete Mona, den fiskete Harald, den korka Rebecca, den freakye Svein, den dristige Olav, den tullete Line, den skrikande Marit, den gode Ingunn, den kolemonkete Odd, den prompete Hilde, den fråverande Knut Olav, den ekornaktige Berit Margrete, den gammaldagse May Terese, den firkanta Trond Bjarne, den hoppande Torild, den kloakkfargade Wenche, den forvirrande Kristin, den jalla sjefen Oddgeir og den hårete dirigenten Anders og dessutan Per og Ivar. Foreldra, den ekle Reidun og den store Jan Ove var med som reiseleiarar. Da me kom på det rosa hotellet, reiste alle dei voksne på jakt etter ein bar. Dagane suste forbi, dei fantastiske voksne på bar og dei bråkete ungane springande rundt på hotellet. Søndag klokka 6 var det tid for avreise. Nokon var grøne, mens andre var kjempekule. På flyplassen la glade Svein og nakne Ivar seg for å sove fordi dei hadde festa HEILE natta. No er me på veg heim. Nokon søv, mens andre snakkar. Takk for ein fin tur

Klokka fem søndag ettermiddag var vi vel heime og alle var einige om at vi hadde hatt ein super tur.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i salg!

Adventskalendaren vår er i salg!

No er vi i gang med sal av adventskalendaren for 2023. Kalendaren kostar 75 kroner og alle inntekter går uavkorta til korpset. Dette er eit av to lotteri korpset gjennomfører årleg, og gir viktige inntekter til drifta av korpset. Vi håpar mange vil støtte oss ved å...

read more
Snart haust = Sesongstart!

Snart haust = Sesongstart!

Me håpar alle har hatt ein flott sommar og fått lada batteria. No er me klare for haustsesongen og ynskjer nye og gamle «korpsarar» vel møtt til samspel, kjekt sosialt samver og kjekke speleoppdrag. Fyrste øving etter sommaren er Tysdag 22. august kl. 1830 i kinosalen...

read more
17. mai-lotteriet er i gang

17. mai-lotteriet er i gang

No står mai for døra, og vi er godt i gang med vårt spesielle 17. mai-lotteri. Kvar skal vi spele morgonkonserten vår i år, mon tru? Vær med og bestemme kvar vi skal spele morgonkonserten vår i år med kjøpe lodd. Loddseljarar i aksjon. Lotteriet fungerer slik at på...

read more