Veteranar med futt

Publisert: 16. mars 2019
Med synleg bevis på at dei no er æresmedlemmar.

På korpset sin årskonsert i går, laurdag 16/3, vart Arne Harry Seim og Oddgeir Øren tildelt æresmedlemskap i Årdalstangen Musikklag. Dei som kjenner korpset, kjenner også til den innsatsen som desse to har lagt ned for korpset i meir enn en mannsalder.

Korpset har statuttar for ulike heidersteikn og kvart år tar styret ein gjennomgang av kven som skal ha slike markeringar. I statuttane til korpset står det at «æresmedlemskap kan tildelast personar som arbeidar eller har arbeidd aktivt for korpset og som på ein særleg fortenestefull måte har vore med på utvikling av korpset og realisering av mål.»

For styret er det ikkje kvardagskost for å utnemne æresmedlemmar, seier styreleiar Kristin Horge. Då me gjorde opp status for heidersteikn for 2018, fann vi ut at tida eigentleg var overmogen for å utnemne både Arne Harry og Oddgeir til æresmedlemmar. Ho seier at ingen av dei er spesielt opptekne av heidersteikn, men denne gongen kjem dei ikkje unna, og ho gledde seg verkeleg til å overraske dei på årskonserten.

Unge utgåver av dagens heiderspersonar, Arne Harry heilt til venstre og Oddgeir nummer 2 frå høgre.

Både Arne Harry og Oddgeir starta korpskarrierane sine i skulemusikken på Tangen, Arne Harry i 1954 og Oddgeir i 1962. Då må dei ha blitt beten skikkeleg av korpsbasillen, for sidan har dei knapt utan avbrot, vore aktive i korpsa på Årdalstangen. Etter nokre år i skulemusikken, gjekk dei over i Fagforeningens Musikklag – det som vart til Årdalstangen Ungdomskorps og i dag er Årdalstangen Musikklag. Det eine året dei gjorde militærteneste, fann dei også eit korps å spele i der dei var. I tillegg til å vere aktive musikarar, har begge to ei årrekkje med tillitsverv for korpset.

Velfortente æresmedlemskap

Både Arne Harry og Oddgeir starta korpskarrierane sine i skulemusikken på Tangen, Arne Harry i 1954 og Oddgeir i 1962. Då må dei ha blitt beten skikkeleg av korpsbasillen, for sidan har dei knapt utan avbrot, vore aktive i korpsa på Årdalstangen. Etter nokre år i skulemusikken, gjekk dei over i Fagforeningens Musikklag – det som vart til Årdalstangen Ungdomskorps og i dag er Årdalstangen Musikklag. Det eine året dei gjorde militærteneste, fann dei også eit korps å spele i der dei var. I tillegg til å vere aktive musikarar, har begge to ei årrekkje med tillitsverv for korpset.

Arne Harry Seim

Då han var tidleg i 20-åra, i 1965, gjekk Arne Harry inn i styret i Fagforeningens Musikklag. I 13 år var han sekretær før han tok over i som styreleiar i to år frå 1978. Så kom det nokre år utan styreverv, men i 1994 tok han over som styreleiar og var det samanhengande i 17 år, til 2011.

I desse åra har det vore både medgang og motgang. Spesielt dei fyrste åra på 90-talet var det kritisk for korpset med fleire inaktive år, men med ukueleg pågangsmot har Arne Harry jobba saman med mellom anna Oddgeir, med å halde liv i korpset.

Arne Harry med althornet ein 17. mai.

Han har alltid hatt trua på at det er liv laga for korps på Tangen. Og i dag ser vi at innsatsen har bore frukt. Vi kan framleis godt bli endå fleire, men har hatt eit svakt aukande medlemstal det siste tiåret og er vel musikalsk sett betre enn nokon sinne.

Oddgeir Øren
Oddgeir i kjent positur på «Sogelagskonsert» i Saltviki.

Oddgeir kom inn i styret i korpset i siste halvdel av 70-talet og var styreleiar i 6 år fram til 1982. Seinare på 90-talet var han styremedlem i 6 år og deretter nestleiar i 2 år i 2010/11. Parallelt med dette, var han ein krumtapp i skulemusikken og var mellom anna både initiativtakar til og sentral i gjennomføring av Fjordfestivalen i dei fire åra den var arrangert. I tillegg har han også hatt tillitsverv i Sogn/Sogn og Fjordane Musikkrins og NMF Nordvest.

Det største innsatsen til Oddgeir er nok likevel dirigentjobben han har gjort for korpset frå han overtok etter Asle Aanes i 2000. Heilt uerfaren, men med eit pågangsmot og iver utan like etter å skaffe seg dirigentutdanning.

Oddgeir dirigerte korpset i 16 år fram til Ben Hirons tok over i 2016. Frå hausten 2018 er han attende som dirigent, med same iver som tidlegare. Initiativet til å engasjere Erling Myrseth som gjestedirigent til konserten i går, er det Oddgeir som tok. Han trur fullt og fast på at vi som musikarar vil utvikle seg under varierande dirigentar/instruktørar. Og så får han sjølv høve til å spele med korpset – spelelidenskapen er just ikkje redusert med åra.

Veteranar med futt i

Korpset nyt framleis godt av innsatsen til dei to veteranane. Dei er ikkje vanskelege å be om ei teneste, men det viktigaste er nok at dei tek hand om ganske mange driftsoppgåver heilt uoppfordra. Stolar og utstyr står klart på øvingsdagane, «klubbhola» vår bak kinosalen er velutstyrt, notar og instrument sirleg ordna og alt vert registrert i datasystemet vi nyttar.

Mange andre ting kunne også vore trukke fram, lista er nærast uendeleg. Og ikkje minst er dei viktige kulturberarar for vidareføring av dei særtrekka vi ynskjer skal prege korpset. På denne måten avlastar dei styret for ein del oppgåver som gjer kvardagen for styremedlemmar enklare. Mange korps nyt godt av slike eldsjelar, men vi er veldig takknemlege og glade for den innsatsen dei gjer, seier Kristin Horge.

Spesiallaga æresdiplom

Som sagt, er ikkje utnemning av æresmedlemmar kvardagskost i korpset. Det store spørsmålet som styret måtte finne ut av, var kva slags æresbevis ein skulle lage. Ein kom raskt fram til at dei ikkje ynskte eit tradisjonelt diplom, plakett eller liknade – det vart for kjedeleg.

Då korpset hadde konserten «Blå botn» med Karl Seglem i 2016, gjorde Reidun Vinda ein fantastisk jobb med scenografien. Sidan den gong har ho teke steget med å livnære seg som biletkunstnar med base i Berlin. Det fall ganske naturleg å ta kontakt med ho og høyre om ho kunne ta oppdraget med å lage æresbevis med særpreg.

Med utgangspunkt i teksten til marsjen vår «Tangingen», fann Reidun raskt ut at det var naturleg å ta utgangspunkt i «tangenfargane» gul og blå. «Symbolsk gult som gjev varme og musikalsk glede. Dei repeterande notane som Asle Aanes laga, teksten av Oddgeir; evige rytmar ein terpar og øver på igjen og igjen – lik bylgjene på flotte «Tangafjorden».

Mona Fykse tek imot æresdiplomar frå kunstnar Reidun R. Vinda.

Med tilgang til flotte foto av hovudpersonane frå pure ungdom til no er det både nostalgi, poesi og evigvarande draumar i bileta. Som innramming har eg nytta håndskorne treråmer belagt med ekte bladsølv. Skikkeleg handverk nett lik messinginstrumenta dei to æresmedlemmane spelar på, og innsatsen deira i korpset.»

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i salg!

Adventskalendaren vår er i salg!

No er vi i gang med sal av adventskalendaren for 2023. Kalendaren kostar 75 kroner og alle inntekter går uavkorta til korpset. Dette er eit av to lotteri korpset gjennomfører årleg, og gir viktige inntekter til drifta av korpset. Vi håpar mange vil støtte oss ved å...

read more
Snart haust = Sesongstart!

Snart haust = Sesongstart!

Me håpar alle har hatt ein flott sommar og fått lada batteria. No er me klare for haustsesongen og ynskjer nye og gamle «korpsarar» vel møtt til samspel, kjekt sosialt samver og kjekke speleoppdrag. Fyrste øving etter sommaren er Tysdag 22. august kl. 1830 i kinosalen...

read more
17. mai-lotteriet er i gang

17. mai-lotteriet er i gang

No står mai for døra, og vi er godt i gang med vårt spesielle 17. mai-lotteri. Kvar skal vi spele morgonkonserten vår i år, mon tru? Vær med og bestemme kvar vi skal spele morgonkonserten vår i år med kjøpe lodd. Loddseljarar i aksjon. Lotteriet fungerer slik at på...

read more