Vår 17. mai

Publisert: 18. mai 2022
Flaggheis kl. 8 i nye uniformar.

Så kom endeleg dagen som heile Noreg har gledd seg til – ein normal 17. mai utan avlysningar, smitteverntiltak og karantenereglar. Etter fleire gufne dagar med regn, vind og låge temperaturar, vakna vi opp til strålande vær på nasjonaldagen. I god tid før kl. 8 på morgonen var vi på plass framfor rådhuset for å spele til flaggheis. Det var framleis ganske kjøleg, men det vart fint og varmt utover dagen.

Nye uniformar etter nøyaktig 20 år utan

Som dei fleste sikkert la merke til i løpet av dagen, var vi ikkje kledd i sivile klær i år. Korpset stilte i heilt nye uniformar i anledning dagen. Eller det vil seie, eigentleg skulle vi hatt dei til jubileumskonserten i mars. Det sette corona-biverknadane ein stoppar for – enkelte ting tar det mykje lenger tid å få produsert og levert sjølv om uniformane ikkje er kjem lenger unna enn frå Dokka.

Det var årsmøte i 2021 som fatta vedtak om at det no var på tide å skifte ut slitte allværsjakkar og caps’ar med ordentlege uniformar. Vi kjøpte allværsjakke-antrekket omkring 2005 etter at vi tidleg på 2000-talet gjorde eit siste forsøk på å bruke dei gamle uniformane som var kjøpt på 70-talet. Merkeleg dette med klesskap altså – kleda krympar der dei heng.

Anno 2002 – det siste forsøket på å bruke dei gamle uniformane.

Bilete frå 17. mai 2002 då dei som hadde uniformsjakke i skapet, gjorde eit forsøk på å få dei på seg. Nokre greide seg bra, andre tykte det var i trongaste laget, men pressa seg inn i jakka.

Buksa var det berre å gløyme, den måtte bli sivil. Huva hadde merkeleg nok ikkje krympa. Dei aller fleste stilte i sivil, anten fordi den gamle ikkje passa i det heile eller dei ikkje hadde uniform.

Dirigent Oddgeir Øren stiller som modell for anledningen. Den gule snora på skuldra, er «dirigentsnora».

Det å ta valet om å kjøpe nye uniformar, var ikkje ei lett avgjerd. Det har vore diskutert mange ganger opp gjennom åra, men vi har tykt det har kosta for mykje. Vi har tykt det har vore viktigare med gode instrument, notar og diriget-/instruktørhonorar.

No var vi i den heldige situasjonen at vi kunne ta oss råd til dette, og det var ein veldig nøgd gjeng som møttest til flaggheis og frukost i år.

Hagekonsertlotteri i 16 år

I 2006 hadde vi for første gongen 17. mai-lotteri – og lotteriet har berre ein gevinst. Det er ein konsert på ei vinnaradresse på Tangen. Den som kjøper lodd, kan bestemme kva for adresse vi skal stille opp å spele på ca. kl. 9 om morgonen.

Det treng absolutt ikkje vere eiga adresse ein kjøper lodd på – og vi registrerar ikkje kven som kjøper lodda. Ergo har korkje vinnaren eller vi peiling på kven som kjøpte vinnarloddet.

Vi er med på ganske mange fornøyelege diskusjonar om kven som fortener å få korpset i hagen, når vi sit og sel lodd. Vi har aldri fått nokon vassbøtte i hovudet der vi har spelt. Nokon klarar vi å vekkje medan andre er oppe, men ikkje i finstasen enno. Uansett blir vi tekne veldig godt i mot. I år var det Tommy Nondal som var den heldige vinnaren og han var i alle fall nøgd med å få oss på besøk.

Etter hagekonserten stod konsert på sjukeheimen på Tangen for tur, deretter skuletoget og festarrangementet i idrettshallen. Det var skikkeleg synd at første 17. mai-feiring på 3 år skulle bli forpurra av steinras mellom Øvre og Tangen. Det tok «berre» ca. ein time før vegen vart opna att, men det sette preg på avslutninga av arrangementet. Russen kom ikkje ned og dermed fekk vi ikkje høyre russetalene. Heldigvis stoppa ikkje stenginga Farnes Skulemusikk frå å komme ned, så festarrangementet vart avslutta med flott marsjering og speling ute på idrettsbana. Dagen avslutta vi som vanleg med konsert på sjukeheimen i Seimsdalen. Då var klokka blitt nærare fem på ettermiddagen, men sola skein framleis og det var varmt og godt.

Har du bilete av korpset frå 17. mai? Send gjerne bilete til oss til post@ardalstangenmusikklag.no eller på FB-sida vår.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i salg!

Adventskalendaren vår er i salg!

No er vi i gang med sal av adventskalendaren for 2023. Kalendaren kostar 75 kroner og alle inntekter går uavkorta til korpset. Dette er eit av to lotteri korpset gjennomfører årleg, og gir viktige inntekter til drifta av korpset. Vi håpar mange vil støtte oss ved å...

read more
Snart haust = Sesongstart!

Snart haust = Sesongstart!

Me håpar alle har hatt ein flott sommar og fått lada batteria. No er me klare for haustsesongen og ynskjer nye og gamle «korpsarar» vel møtt til samspel, kjekt sosialt samver og kjekke speleoppdrag. Fyrste øving etter sommaren er Tysdag 22. august kl. 1830 i kinosalen...

read more
17. mai-lotteriet er i gang

17. mai-lotteriet er i gang

No står mai for døra, og vi er godt i gang med vårt spesielle 17. mai-lotteri. Kvar skal vi spele morgonkonserten vår i år, mon tru? Vær med og bestemme kvar vi skal spele morgonkonserten vår i år med kjøpe lodd. Loddseljarar i aksjon. Lotteriet fungerer slik at på...

read more