Strålande korpstreff i Indre Ofredal

Publisert: 21. mai 2017

I år fann vi ut at vi ville gjere noko vi ikkje hadde gjort i «manns minne», nemleg invitere til korpstreff for våre næraste nabokorps. Treffet er sjølvsagt ein del av jubileumsprogrammet vårt, men etter gårsdagens arrangement ser vi ikkje vekk frå at det kan verte gjenteke.

Saman med Flåm Musikklag, Lærdal Musikklag og Øvre Årdal Janitsjarkorps hadde vi ein triveleg dag «nefø’ sjøen» i Indre Ofredal. Som medarrangør hadde vi Indre Ofredals Vener, ein entusiastisk gjeng som både vil ta vare på anlegget og skape liv og røre der.

Værgudane med på notane

Vi skal ikkje stikke under ein stol at vi tok nokre rundar internt før vi bestemte oss for å satse på eit utandørs arrangement. Det seiast jo at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege klede – men det er no ikkje allverdas stas å samlast til triveleg lag og samspel om det hadde regna uansett stortelt eller ikkje. Vêrgudane liker kanskje korpsmusikk, dei varta i alle fall opp med godt vêr både 1. mai, 17. mai og på treffet vårt sist laurdag.

Dei fleste marsjstega i år er unnagjort og om ikkje lenge tek vi sommarferie. Både vi og nabokorpsa trappar ned mot sommarferien med ulike sommarlege aktivitetar. Nokre av oss spelar litt rundt omkring i bygda, vi er med på marknadar eller samlast til ulike treff. På laurdag var vi i underkant av 70 musikarar som møttest nefø’ sjøen.

Marsjstafett opna treffet

Når korpsfolk treffast likar vi å spele til kvarandre. I mai er marsjar godt innøvd stoff, så starta vi like godt laurdagen med ein marsjstafett (ikkje marsjeringsstafett). Ståande korpsvis i halvsirkel med slagverk på deling i midten, spelte korpsa i tur og orden kvar sin marsj i to rundar. Seinare på dagen var det konsertar med kvart korps der repertoaret dekka heile spekteret av musikksjangrar – her var fleire marsjar, musikallåtar, klassiske stykke og poplåtar for å nemne nokre.

Gjengen i Indre Ofredals Vener sørga for at vi kunne stille svolten med grillmat, sveler og ymse drikke. Den som ynskte, fekk også omvising på anlegget. Elles fekk vi god tid til å prate og fortelje gode historier – og som alltid i triveleg lag, går tida fort. Då klokka var omkring åtte på kvelden var dei siste på veg heim.

Vi takkar alle for ein triveleg dag, og ser som sagt ikkje bort frå at de får ein ny invitasjon om eit års tid. God sommar til dei av dykk vi ikkje ser før ferien sett inn.

Nokre glimt frå dagen

Les fleire saker

Fantastisk gåve frå Sogn Sparebank til ung rekruttering

Fantastisk gåve frå Sogn Sparebank til ung rekruttering

Korpset fekk nyleg gladmeldinga om at vi er tildelt 80.000 kroner frå Sogn Sparebank sitt Gåvefond. Midlane skal gå til korpset sitt nystarta rekrutteringsopplegg «Korpsløpet» og er eit samarbeid mellom korpset og Årdal kulturskule. Speleglede kjenner inga...

read more
Frå Øren til Nordby – musikalsk leiarskifte i korpset

Frå Øren til Nordby – musikalsk leiarskifte i korpset

Upåklageleg stemning mellom avtroppande og påtroppande dirigent og styreleiar Kristin Horge. Oddgeir Øren har dirigert korpset i 21 av åra i det siste kvarte århundret! Likevel kom det som eit slags sjokk på både på styre og medlemmar då han varsla om at han ville gje...

read more
Konsert utanom det vanlege

Konsert utanom det vanlege

Vårens store konsert nærmar seg, og vi gler oss til å gje deg ein kveld fylt med musikalske overraskingar, energi og speleglede! Helt sidan vårt 60-årsjubileum i 2007 har hovudkonserten vore sesongens store høgdepunkt, og vi legg ned utallige timar med øving for å...

read more