Støtt oss gjennom 17. mai-lotteriet

Publisert: 26. april 2022

Etter to år utan å ha fått gjennomført dette lotteriet, er vi klare igjen for å lodde ut ein morgonkonsert på 17. mai.

I dette lotteriet kan du for eksempel:

  • Gjere stas på ein god nabo eller ven
  • Glede deg sjølv med ein eigen korpskonsert
  • Fri til den du elskar
  • Vekke ein du veit har feira 16. mai dugeleg
  • Eller – du kjem kanskje på noko anna?

Vi held ikkje oversikt over kven som tar lodd på kven eller kva slags adresse – du er anonym loddkjøpar.

Slik fungerar lotteriet

Du skriv loddet på ei adresse eller ein person der du ynskjer at vi skal spele ca. kl. 9 på 17. mai. Adressa må være på Tangen med dalane. Trekkinga skjer under 17. mai-frukosten etter salutt og flaggheis. Vinnaren vert også annonsert under festarrangementet på skulen etter toget.

Loddet kostar kr. 5

Slik kan du kjøpe lodd

  • Du kjem til å finne oss på Rema 1000 nokre ettermiddagar framover mot 17. mai.
  • Du kan sjølvsagt huke tak i eit korpsmedlem du veit om – alle sel lodd.
  • Du kan kjøpe lodd via Vipps ved å søke opp antan Korpskiosken eller #118857. NB! Hugs å skrive inn hjå kven eller kvar vi skal spele.
  • Og du kan sende oss ei melding på Facebook viss det er det enklaste.

Les fleire saker

Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Årdalstangen Musikklag går inn i sin sjuande periode sidan oppstarten av sponsorprogrammet i 2008. Med sterke røter i lokalsamfunnet og ei imponerande stønadsvilje frå næringslivet, markerar 2026 starten på tre nye år i sponsorprogrammet. Dette samarbeidet betyr svært...

read more
Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more