Snart tid for første konsert i år

Publisert: 20. februar 2019

No er vi snart klare for konsert saman med våre unge medmusikantar i Tangen skulemusikk. Dette er vår vanlege årskonsert, men den kjem litt seinare enn normalt og kunne kanskje kallast vårkonsert. Laurdag 16. mars er datoen og vi voner mange tek turen til kino’en på Tangen kl. 17.

Sist haust tok Oddgeir Øren over som dirigent att, etter Ben Hirons. Han har alltid ivra for at korpset skal få nye impulsar og inspirasjon. I tillegg er han som mange sikkert veit, veldig glad i å spele sjølv. Derfor fekk han tidleg styret og korpset med på å engasjere gjestedirigent til denne konserten. Derfor er det ikkje Oddgeir som står framfor korpset, men ein særdeles anerkjend korpsdirigent som heiter Erling J. Myrseth. Du kan lese meir om han lenger nede på sida her.

Erling kjem til Årdal dagen før konserten og skal ta finpussen på konsertstoffet som spenner frå salmer via filmsvisker til pop- og jazzlåtar. I tillegg har vi altså med oss våre yngste medlemmar i Tangen Skulemusikk, under leiing av Sigyn Øren. Dei opptredde for fyrste gong på julekonserten vår og gler seg sjølvsagt til å få spele på ein ny konsert.

Meir om gjestedirigenten

Erling J. Myrseth er frå Valle (Skodje) på Sunnmøre og er utdanna frå Griegakademiet i Bergen, i trompet/kornett og direksjon. Han har og ein mastergrad frå Norges Musikkhøgskole i musikkpedagogikk og direksjon/ensembledidaktikk. Med andre ord ei solid musikkutdanning som han dei siste 30 åra har nytta i arbeid i kulturskule både som lærar og rektor, musikkonsulent i NMF, freelance-dirigent, kurshaldar, konferansier og dommar i konkurransar.

Nokre av oss i korpset har spelt under Erling som dirigent tidlegare, på Grått kurs i Ørsta – eit korpssommarkurs for vaksne. Kurset som alt frå starten vart ein stor suksess, var han ein av initiativtakarane til og også musikalsk leiar der dei fyrste 10 åra.

Vi gleder oss til å møte og arbeide med konsertstoffet saman med Erling og ikkje minst syne resultatet av samarbeidet for publikum på konserten i mars.

Les fleire saker

Knakende kjekk øvingshelg

Knakende kjekk øvingshelg

Det er ein nesten uskreven regel at me samlast til helgeseminar så snart me kjem over i januar. No i helga var korpset samla til både felles- og gruppeøvingar. Det er alltid kjekt med slike samlingar - mengdetrening er gull verdt når det gjeld å knekke koden på dei...

read more
Raus gåve frå Sogn Sparebank

Raus gåve frå Sogn Sparebank

Sidan 2008 har korpset hatt eit sponsorprogram med 3-årige avtalar med lokale bedrifter. I desse dagar er vi i ferd med å inngå avtalar for perioden 2023-2025. Vi kjem attende med presentasjon av sponsorane for denne perioden litt seinare. Smilande om kapp, styreleiar...

read more
Det året det var så bratt

Det året det var så bratt

"Det var det året det var så bratt", skreiv Øystein Sunde for mange år sidan. Vi låner orda hans for å beskrive året 2022. Dei to åra før må ein kunne karakterisere som ganske "paddeflate"; ingen øvingar eller konsertar utanom nokre få tonar på 17. mai. Året 2022...

read more