Raus gåve frå Sogn Sparebank

Publisert: 3. januar 2023

Sidan 2008 har korpset hatt eit sponsorprogram med 3-årige avtalar med lokale bedrifter. I desse dagar er vi i ferd med å inngå avtalar for perioden 2023-2025. Vi kjem attende med presentasjon av sponsorane for denne perioden litt seinare.

Smilande om kapp, styreleiar Kristin H. Horge og Ragnhild S, Tofastrud frå Sogn Sparebank.

Stor var imidlertid overraskinga vi fekk i møtet med Sogn Sparebank om ny sponsoravtale rett før jul.

For det fyrste møtte vi ein særdeles interessert leiar for kommunikasjon og kundeopplevingar i banken, Ragnhild Skahjem Tofastrud. Ho tok seg god tid til å diskutere korpskvardagens gleder og utfordringar med styreleiar Kristin Horge og Arne Harry Seim.

Sponsoravtalen vart signert og dermed har Sogn Sparebank vore med som fast sponsor sidan 2008.

Ikkje berre vart ny sponsoravtale signert. I løpet av møtet måtte ho ut ein tur til ein kollega. Kristin og Arne Harry fekk inntrykk av at det var noko ein kollega måtte ha hjelp med. Stor vart difor overraskinga då ho kom attende med ein gåvesjekk på kr. 50 000 i tillegg til beløpet i sponsoravtalen.

No har Sogn Sparebank (og forløparane) vore korpset sin bankforbindelse og støtta oss i alle år. Strengt tatt har dei vel vore vår sponsor frå tidenes morgon og før ordet «sponsing» var oppfunne.

Kristin og Ragnhild vart einige om å halde gåva hemmeleg til Kirstin fekk fortalt medlemmane om den. Det skjedde på øvinga i kveld – den første i det nye korpsåret, så no kan vi dele dette vidare med alle som følgjer oss.

Tusen takk, Sogn Sparebank!

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more