Klar for haustsesongen

Publisert: 19. august 2022

No er vi klare for haustsesongen og ynskjer nye og gamle «korpsarar» vel møtt til samspel, kjekt sosialt samver og kjekke speleoppdrag.

Ivrige ungdomar på sommarmusikkleir

NMF har mange sommarkurs rundt om i landet både for ungar og vaksne. I år var det berre to av våre medlemmar som var på sommarkurs, men dei var kjempenøgde etter ei veke på Raudt kurs på Nordfjordeid. Vi var eit par vaksne som tok turen opp og høyrde på avslutningskonserten forrige laurdag, og det er heilt utruleg kva dei klarer å øve inn i løpet av ei veke. Og våre to, Alexander Zerbst og Augustas Juska, var klare på at dei hadde hatt det kjempekjekt både musikalsk og sosialt.

Alexander Zerbst og Augustas Juska har hatt ei kjempekjekk veke på Nordfjordeid. Her med musikalsk leiar og dirigent Jostein Kregnes frå Trondheim.
På sommarkursa får ein også gruppeøving på det instrumentet ein spelar. Her er Alexander med grovmessinginstruktør Sigurd Brevik frå Måløy.

Øvingsstart tysdag 23. august

Kommande tysdag startar «vaksenkorpset» opp haustsesongen. Vi held som vanleg til i kinosalen på Årdalstangen. Øvingstida er kl. 18-20 inntil det ev. kjem endringar i opningstider for Seimsdalstunnelen.

Vi ynsker alle som har lyst å spele med oss velkomne uansett om du aldri har spelt eller ikkje har spelt på mange år. Om du er usikker på korleis du finn oss, gå inn døra på baksida av Årdal Kino (berre ei dør å velje), gå ned trappa og inn til høgre i kinosalen. Om du tykkjer det er litt «ekkelt» å berre dukke opp, kan du sende oss ei melding anten på Facebook, i kontaktskjemaet her eller på epost til post@ardalstangenmusikklag.no. Eller kanskje du vil ringe dirigenten vår, Oddgeir Øren, for å høyre litt. Han når du på på tlf. 9752 4505. Om du ynskjer, møter vi deg utanom øving så du får møte nokre av oss på førehand også.

17. mai 2022 i nye uniformar.
Konsert på kyrkjegarden laurdag før helgemesse.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more