Kjekk jubileumskonsert

Publisert: 15. mars 2022

To års «konserttørke» er over!
På laurdag kunne vi endeleg spele konsert med publikum i salen att. Det var utruleg kjekt at så mange fann vegen og høyrde på oss og gjestane våre i Farnes Skulemusikk.

Rakettane på nyårsaftan har vore startskotet for travle veker i korpset sidan 60-årsjubileumet i 2007. Då starta vi med å ha hovudkonserten vår i februar/mars kvart år. Unnateke dei to siste då. Det vert ikkje mindre hektisk når vi har eit korpsjubileum å markere. Toppidrettsutøvarar snakkar ofte om optimal oppkøyring mot konkurransar. Oppkøyringa til jubileumshelga har slett ikkje vore optimal – treningsdosane har vore ganske minimale i 2 år fram til nyttår. Heldigvis fekk vi med oss eit godt helgeseminar med dirigent Erling Myrseth sist haust og frå nyttår har vi hatt to øvingar i veka og eit helgeseminar til med Erling på Mastemyr utanfor Oslo. Finpussen tok vi på fredag og laurdag føremiddag.

Repertoarvalets kvalar

Då vi skulle velge ut repertoaret til konserten, ynskte vi å spegle alle 75 åra til korpset. Sidan notearkivet vårt er komplett omtrent frå 1947, er det mykje å velge i og vrient å velge. Kanskje vart nokon overraska over at konserten ikkje opna med vår eigen marsj «Tangingen», men denne gongen fekk den avslutte konserten. Som opningsnummer valde vi marsjen «Sjødronningen» som vart spelt veldig tidleg i korpset si karriere. Den er basert på The Punjaub March (1893) av Charles Payne. Julius Woldsdal som er opphavsmannen, skreiv den ned etter minnet ei sumarnatt på Sandane då han oppdaga at Gloppen Janitsjar mangla ein marsj til konserten dagen etter. Marsjdosen vart komplettert med landeplaga frå 1957 – Colonel Bogey, kjenningsmelodien frå filmen «Broen over Kwai».

Alle som var på scena fekk ein spesiallaga jubileumsmedalje.

Vi skal ikkje ta for oss heile repertoaret, men vil fortelje litt om bakgrunnen for hovudnummeret «Fate of the Gods». Som Erling sa på konserten, var det vår faste dirigent Oddgeir Øren som kom over dette stykket på eit dirigentseminar og det gjekk rett inn hjå han. Han ruga ei stund på det før han turde leggje det fram for korpset – og ikkje utan grunn. Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er eit krevjande stykke, både fordi det er langt (for oss) og ganske musikalsk krevjande. Vi har framført det ein gong før, i 2018. Då dobla vi nesten korpset med musikarar frå nabokorpsa for å kunne spele det. På laurdag spelte vi det aleine og både dirigent og musikarar er veldig godt nøgde med eigen prestasjon. Så takk Oddgeir, for at du utfordra oss med dette stykket den gongen i 2016 eller 2017.

Foto: Johnny Svåi

Forseinka julestemning

Vi skulle hatt julekonsert, men den måtte sjølvsagt coronaen også spenne krokfot for. På den skulle vi hatt med oss ein veldig ung solist på eit nummer. Han hadde øvd ivrig og var sikkert spent på dette oppdraget. Solisten var slagverkar Eik – med Jan Eik Ibsen som fullt namn. Elev på Tangen skule, medlem i korpset og i Farnes Skulemusikk.

Jan Eik Ibsen, konsentrert solist. Foto: Johnny Svåi

Vi tykte det var for gale at vi ikkje skulle få framføre stykket saman før om eventuelt eit år. Siden planlegginga av jubileumskonserten var godt i gang, fann vi fort ut at vi godt kunne ha med eit sokalla julenummer i repertoaret. Slik vart det til at «The Little Drummer Boy» vart ein del av jubileumskonserten. Og Eik leverte og det var tydeleg at publikum likte å få litt julestemning i mars. Jula varar jo som kjend heilt til påske og den er framleis ein månad unna, så vi var innanfor med god margin.

Farnes Skulemusikk – også skulemusikk for tangingar

Farnes Skulemusikk under leiing av Sigyn Øren. Foto: Johnny Svåi

Farnes Skulemusikk stilte med så godt som full besetning inklusive aspirantar, på konserten. Dei hadde eit variert repertoar der alle grupper fekk vise seg fram.

Stappande fullt på scena då Farnes Skulemusikk og vi spelte fellesnummeret «Baby Shark». Det er ein barnesong og dans frå Sør-Korea som vart ein stor hit i 2016. I november 2020 gjekk han til topps som den mest sette video på YouTube med over 10 milliardar visningar!

Vi har diverre ikkje skulemusikk på Tangen, men då er det veldig kjekt at det er eit blomstrande skulemusikkmiljø i Øvre som opnar dørene sine for tangingar. Vi har hatt eit godt samarbeid med dei og Kulturskulen i ganske mange år no. Det fungerar slik at alle tangingar som startar i kulturskulen på korpsinstrument, får tilbod om medlemsskap i korpset vårt. Då dekkjer korpset elevkontingenten deira og dei er fullverdige medlemmar hjå oss. Når dei har fått tilstrekkeleg grunnopplæring og er klar for større utfordringer, får dei høve til å bli med i Farnes Skulemusikk. Målet med dette trekantsamarbeidet, er å få dei til å bli så glad i korpshobbyen at dei held fram med den til dei er gamle nok for «vaksenkorpset».

Det er alltid kjekt å ha med seg skulemusikantar på konsert, og med det samarbeidet vi har med FSM var dei soleklare gjestar. I dag er det sju av våre medlemmar som speler i FSM og sju til får grunnopplæring i kulturskulen og vil vonaleg også snart vere klare for skulemusikken.

Etter konserten vart det servert pizza til skulemusikantar med søsken og føresette. Etter ei stund drog vi vaksne vidare til Skyttarhuset på Loi for middag og sosialt samvær.

Festpynta bord og svoltne musikantar som ventar på maten.

Vi har hatt ei kjempefin helg – takk til alle som var med og gjorde den så vellukka.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i salg!

Adventskalendaren vår er i salg!

No er vi i gang med sal av adventskalendaren for 2023. Kalendaren kostar 75 kroner og alle inntekter går uavkorta til korpset. Dette er eit av to lotteri korpset gjennomfører årleg, og gir viktige inntekter til drifta av korpset. Vi håpar mange vil støtte oss ved å...

read more
Snart haust = Sesongstart!

Snart haust = Sesongstart!

Me håpar alle har hatt ein flott sommar og fått lada batteria. No er me klare for haustsesongen og ynskjer nye og gamle «korpsarar» vel møtt til samspel, kjekt sosialt samver og kjekke speleoppdrag. Fyrste øving etter sommaren er Tysdag 22. august kl. 1830 i kinosalen...

read more
17. mai-lotteriet er i gang

17. mai-lotteriet er i gang

No står mai for døra, og vi er godt i gang med vårt spesielle 17. mai-lotteri. Kvar skal vi spele morgonkonserten vår i år, mon tru? Vær med og bestemme kvar vi skal spele morgonkonserten vår i år med kjøpe lodd. Loddseljarar i aksjon. Lotteriet fungerer slik at på...

read more