Det året det var så bratt

Publisert: 31. desember 2022

«Det var det året det var så bratt», skreiv Øystein Sunde for mange år sidan. Vi låner orda hans for å beskrive året 2022. Dei to åra før må ein kunne karakterisere som ganske «paddeflate»; ingen øvingar eller konsertar utanom nokre få tonar på 17. mai. Året 2022 starta heller ikkje så bra med Corona-restriksjonar til i slutten av januar. Ingen drøymestart på det året vi skulle markere korpset sitt 75-årsjubileum.

17. mai 2022 kl. 8 visar vi oss i uniformar for fyrste gong sidan tidleg 1990-tal.

Til liks med mange friviljuge organisasjonar tykte vi det utfordrande å dra i gang hjula att etter pandemien. Vi var heilt ute av trening, så starten gjekk i krabbegir. Heldigvis letta smittevernrestriksjonana mot slutten av januar slik at vi kunne gjennomføre helgeseminar på Mastemyr. Det gjorde godt å få ei helg med mange øvingstimar og sosialt samvær.

Jubileumskonsertførebuing med forviklingar

Vel heime frå helgeseminar gjekk det ikkje lange tida før dirigent Oddgeir Øren melde frå om at han skulle ta ein operasjon og ikkje ville kunne dirigere på ei stund. Vi stod ikkje berre utan dirigent fram til jubileumskonserten, men måtte også førebu oss på at han vart indisponert heile vårsesongen.

I styret kjende vi nok på litt panikk då vi fekk meldinga om sjukefråveret, seier styreleiar Kristin Horge. Det veks ikkje dirigentar «på tre» i distriktet vårt og utan dirigent ville innøvinga til jubileumskonserten bli mildt sagt vanskeleg. For jubileumskonserten hadde vi allereide engasjert Erling Myrseth som gjestedirigent. Han har vore fast gjestedirigent i fleire år.

Dirigentvikar Hildegunn

Redninga vår vart det ferskaste medlemmet i korpset, Hildegunn Dahl.

I august 2021 dukka ho opp på øving hjå oss. Ho og samboaren hadde nett flytta til Årdal etter studiar i Trondheim. Som korpsmusikar leita ho opp det som finnest av korps i bygda, og melde seg til teneste. Ho spelar altså både hjå oss og i Øvre Årdal Janitsjarkorps.

Det er klarinett som er hovudinstrumentet hennar, men ho har spelt dei fleste korpsinstrumenta frå fløyte til tuba.

Det synte seg til alt overmål at ho hadde vore på dirigentkurs i Stavanger samtidig med Oddgeir også. Av og til er ikkje verda så veldig stor.

Hildegunn klar med dirigentpinnen i Farnes kyrkje i haust.

Ho sa ja på strak arm då vi spurte om ho kunne gå inn som vikar i Oddgeir sitt fråvêr. Med berre ei vekes varsel overtok ho ansvar for øvingane slik at jubilemuskonserten i mars kunne gjennomførast som planlagd. Oddgeir var sjølvsagt skuffa over at han måtte overvære konserten frå ei sjukeseng på Voss i staden for spelande på kornett i korpset.

Jubileumskonsert i mars

Hadde vi ikkje hatt pandemien, ville jubileumskonserten vore eit dobbeltjubileum. 75 år for korpset og 15 år for det som vi gjerne kallar for årskonserten. Den såg dagens lys då korpset feira 60-årsjubileet i 2007 og ikkje hadde arrangert konsertar på mangfoldige år.

Farnes Skulemusikk var sjølvsagt som gjestekorps på denne konserten. Dei har vi eit særdeles godt samarbeid med – dei tek godt vare på våre skulemusikantar.

Repertoaret på konserten var ei god blanding av nytt og gamalt. Vi hadde gravd i notearkivet og funne eit av stykka korpset spelte i oppstartåret 1947; eit lite stykke som heiter «Min første vals». Dei nyaste nummeret var Sondre Justad sin «Riv i hjertet» frå 2015 og fellesnummeret med Farnes Skulemusikk som var «Baby Shark» frå 2017. Den siste er eit YouTube-fenomen; den fyste YouTube-videoen som oppnådde 10 millionar avspelingar.

Fredag og straks klar for siste finpuss.

Latteren sit laust.

Ung solist på slagverk.

Gjestedirigent Erling Myrseth.

Jan Eik Ibsen er solist på The Little Drummer Boy.

Farnes Skulemusikk på scena.

Stappfull scene på fellesnummer.

Historisk nasjonaldag

Ikkje sidan midt på 1970-talet har korpset stilt så «nystrigla» som på 17. mai i jubileumsåret. Gjennom fleire år har vi bygd opp ein solid eigenkapital som gjorde at vi kunne realisere nokre fornyingar i jubileumsåret.

Fana vår var frå 1970-talet heldt på å falle frå kvarandre av elde. Vi har heller ikke hatt uniformar sidan uniformane frå 70-talet måtte pensjonerast tidleg på 1990-talet. I jubileumsåret kunne vi unne oss både ny fane og nye uniformar. I tillegg kunne vi investere i nye instrument til klarinettistane våre – fire nye B-klarinettar og ein bassklarinett.

Vi har tradisjon for ganske streng økonomistyring. Dei fleste av oss har friskt i minnet tida da vi knapt kunne kjøpe inn notar utan at det måtte styrehandsamast. Difor er vi særleg nøgd med at vi kunne gå til innkjøp av nye uniformar og fane. Det åleine ei investering på bortimot 350 000 kroner.


Attende til normalen og klare for 2023

Hausten har teke oss tilbake til ein meir normal korpskvardag.  For oss vil det blant anna seie mange «små» speleoppdrag i lokalsamfunnet. Vi har vore ute på konsertar og speleoppdrag til saman ni gonger i haust.

To gonger skapte uforutsette vegsteningar mellom Øvre og Tangen utfordringar. Vi fekk både amputert besetning og måtte klare oss utan dirigent. Det gir god sjølvkjensle å gjennomføre speleoppdraga i slike situasjonar – og det gjer oss også musikalsk nokre hakk betre for kvar gong vi må takle slike utfordringar.

No gler vi oss til eit nytt korpsår der planane er klare med nye musikalske utfordringar. Først ut er den faste årskonsert i mars. Då kjem Erling Myrseth attende som gjestedirigent og vi kan love nokre overraskingar i konsertrepertoaret.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i salg!

Adventskalendaren vår er i salg!

No er vi i gang med sal av adventskalendaren for 2023. Kalendaren kostar 75 kroner og alle inntekter går uavkorta til korpset. Dette er eit av to lotteri korpset gjennomfører årleg, og gir viktige inntekter til drifta av korpset. Vi håpar mange vil støtte oss ved å...

read more
Snart haust = Sesongstart!

Snart haust = Sesongstart!

Me håpar alle har hatt ein flott sommar og fått lada batteria. No er me klare for haustsesongen og ynskjer nye og gamle «korpsarar» vel møtt til samspel, kjekt sosialt samver og kjekke speleoppdrag. Fyrste øving etter sommaren er Tysdag 22. august kl. 1830 i kinosalen...

read more
17. mai-lotteriet er i gang

17. mai-lotteriet er i gang

No står mai for døra, og vi er godt i gang med vårt spesielle 17. mai-lotteri. Kvar skal vi spele morgonkonserten vår i år, mon tru? Vær med og bestemme kvar vi skal spele morgonkonserten vår i år med kjøpe lodd. Loddseljarar i aksjon. Lotteriet fungerer slik at på...

read more