Musikalsk julegodt tysdag 5. desember

Tysdag 5. desember kl. 18

StadÅrdal kyrkje, Årdalstangen
Billettpriskr. 150
Vipps-kjøp#118857 / Korpskiosken, klikk på «Julekonsert, Årdal kyrkje» og betal for tal billettar.
QR-koden nedanfor, tek deg rett til billettkjøp i Vipps.

Når det berre er 2,5 veke igjen til julaftan, byr korpset på musikalsk julegodt saman med Årdal Gospelkor. Saman og kvar for oss vil vi fylle kirka med ekte musikkglede og julestemning slik at du får senka skuldrane litt og får eit lite pustehull i julestria.

Programmet er samansett av eit variert utval av kjende julemelodiar i ulike sjangrar. Og er du glad i å syngja, får du høve til det også.

Me gler oss og ynskjer velkommen til konsert.

Les fleire saker

Snart kjem adventskalendaren vår !

Snart kjem adventskalendaren vår !

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. No er det ikkje så lenge før den kjem i sal. Vi skal...

read more
Korpsbasar 15. november

Korpsbasar 15. november

Forrige basaren til korpset var i 2024. Då bestemte vi oss også for at vi skulle ha basar berre anna kvart år, så no står den neste for tur. Basarane har stått i kø i bygda i haust. Di støtte er viktig for at me skal kunne halde fram med å bidra med musikk ved store...

read more
Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Årdalstangen Musikklag går inn i sin sjuande periode sidan oppstarten av sponsorprogrammet i 2008. Med sterke røter i lokalsamfunnet og ei imponerande stønadsvilje frå næringslivet, markerar 2026 starten på tre nye år i sponsorprogrammet. Dette samarbeidet betyr svært...

read more