Vi gratulerar Årdal Rør & Sanitær

Publisert: 8. oktober 2022

Vi skulle helst ha vore med og spelt på opninga av den nye butikken til Årdal Rør & Sanitær på torsdag. Då spente den første hauststormen bein på oss; det var så kraftig regn at det ikkje var mogleg å spel utandørs. Yr lova betre vær på laurdag og nokon sytte for at lovnaden vart halden.

Kjem dirigenten?

I dag var det etter planen Hildegunn Dahl som skulle dirigere oss. Ho spelar både klarinett og fløyte i korpset i tillegg til å veksle på dirigeringa med Oddgeir Øren. No skulle det ikkje gå slik i dag, for nokre minutt før vi skulle spele fekk vi melding om at vegen mellom Øvre og Tangen var stengd grunna bilulukke.

Vi snakkar tidvis om det i korpset – kva gjer vi om dirigenten av ei eller anna grunn ikkje kjem fram til konserten? Innimellom øver vi også utan dirigent – og det hadde vi til alt hell gjort på siste øvinga. På det repertoaret vi skulle spille i dag. Snakk om å ha flaks i uflaksen.

Vi ventar spent på om dirigent og musikarar frå Øvre kjem seg ned. Tør vi å spele utan dirigent?

Opphaldsvær og mykje folk ute

Vegen opna ikkje og vi bestemte oss for å spele utan dirigent. Med stødig oppslag av trommisane våre med Øyvind Lægreid i spissen, gjekk det faktisk ganske greit.

Repertoaret vårt i dag var sett saman av kjende låtar frå gamle, kjende jazz- og populærlåtar som Java Jive til nyare låtar som «Jenter» av Di Derre og ikkje minst «Bad» av Michal Jackson. Du tok den, ikkje sant? Bad, altså.

Med godt haustvær hadde også ganske mykje folk teke vegen ned på torget der også Kveikja hadde ope og freista med sine flotte varer.

Det er lenge sidan vi har spelt ute på slike småkonsertar no om vi ser bort frå 1. og 17. mai, så dette vart ei skikkeleg vitamininnsprøyting for oss. Vi håper publikum kosa seg også.

Vi tok sjansen – og speler utan dirigent.

Neste utekonsert vert på kyrkjegarden laurdag før helgemesse, 5. november.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more