Ny nettside!

Publisert: 21. februar 2022

Hurra – me har omsider fått ny nettside! Og den er det ein kallar responsiv slik at den tilpassar seg etter om du tek han opp på mobil, nettbrett eller PC.

Vi lanserte den førre nettsida vår i februar i 2008. Sidan den gongen har både teknologien og bruken av digitale media endra seg enormt mykje. Dette såg vi allereie i 2017 og bestemte oss for at tida inne for å oppgradere, men det tok altså 5 år før vi kom så langt. At nysida kjem på lufta i året korpset fyller 75 år, passar i grunnen veldig godt.

Besøkstalet på den gamle nettsida har vore jamnt og gledeleg høgt i alle desse åra. I skrivande stund har den hatt 1 113 409 besøkande og det vert nestan 220 besøk kvar einaste dag i 14 år.

I 2010 vart sida kåra til Noregs beste korpsnettside for vaksenkorps, medan Vardal Skolekorps på Gjøvik gjekk av med sigeren for skulekorps.

I 2010 fekk trommis Katrine overtalt korpset til å opprette ei gruppe på Facebook. Denne vart etterkvart omgjort til ei Facebook-side for at vi skulle vere synlege for alle og ikkje berre gruppemedlemmar. Etter kvart som teknologien på nettsida vart utdatert, har vi nytta FB mest. No skal vi tilbake til meir bruk av nettsida, men i kombinasjon med FB.

Dersom du har spørsmål eller tilbakemeldingar til den nye nettsida, send oss ein e-post på post@ardalstangenmusikklag.no.

Den gamle nettsida er historie.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more