Jubileumsførebuingar er så mangt

Publisert: 1. januar 2017

Den første markeringa av jubileet vårt nærmar seg med stormskritt. Laurdag 11. februar er vi klare for ein skikkeleg jubileumskonsert som skal spegle korpset sin 70-årige historie, med gamal og ny korpsmusikk. Men før den tid er det mange ting som skal forberedast. Øving sjølvsagt, men også ikkje-musikalske aktivitetar må til.

Mykje historisk materiale vart utstilling

Hmm… Vi burde kanskje plukka fram historiske ting og tang og få synt dei fram? Kvar mon tru? Jo, i utstillingsmonteren inn til foajéen til kinosalen må vi kunne lage noko om vi får låne han. Som sagt så gjort.

Men der fekk vi jo ikkje plass til korkje uniformer eller store instrument. Vi må finne på noko meir seier vi, og ser over gata på dei tomme vindua i lokala til gamlesporten. Vi får kanskje låne dei når dei tek bort peparkakelandsbyen? Det vart tvert ja då vi spurde huseigar Kleiven Sogn, som er ein av dei faste sponsorane våre også.

Ein har gamalt fagbrev i dekoratørfaget, eit par er litt kreative og eit par har full oversikt over kva vi har av rekvisittar frå gamalt og kvar vi finn det, Det var berre å gå i gang. Med eit par-tre litt lange kveldar, vart utstillinga avduka i går kveld medan kinosalen var fylt med ungar og føresette på premiere på Markus og Martinus-filmen. Vi er godt nøgd med resultatet – fargerikt og variert med både gjenstandar og bilete. Kanskje vart nokon overraska då dei kom ut frå kinoframsyninga?

I tillegg har Tangen Sport lånt oss den beste plassen i vindauget sitt også, så der står det jammen ein musikant klar til å plukke opp kornetten også.

Knakande kjekk øvingshelg i Bergen

Dei viktigaste førebuingane er sjølvsagt dei musikalske. Kvart år frå nyttår til årskonserten vår i januar/februar, legg vi inn ein ekstra øvingsdag for å få øvd inn konsertrepertoaret. I fjor hadde vi i tillegg ei så vellukka øvingshelg på Mastemyr utanfor Oslo med Idar Torskangerpoll, at heile korpset ynskte ei gjentaking i år.

Første helga på nyåret gjekk difor turen til Bergen der dirigent Ben held til, til gruppeøvingar med handplukka instruktørar på laurdag og fellesøving på søndag. Og du veit du har treft blink når kvar gruppe nærarast «krangla» om kven som hadde hatt den beste gruppeinstruktøren. Og så er sjølvsagt det sosiale viktig, med gode måltid, triveleg samvær, gode historier og mykje latter.

Nå er det den siste finpussen som står att for at vi inviterer til konsert.

Mange turer opp og ned stigen for å få utstillingen ferdig.
Arbeidet er ferdig og utstillingen avduket.
Vaffeljern, nisselue og notar – vi er i aktivitet heile året.
Seminarhelg i Bergen og engasjert treblåsinstruksjon med Line Joa Tvedt.

Velkommen til jubileumskonsert laurdag 11. febrauar i «huset vårt»,
kinosalen på Tangen.

Les fleire saker

Konsert utanom det vanlege

Konsert utanom det vanlege

Vårens store konsert nærmar seg, og vi gler oss til å gje deg ein kveld fylt med musikalske overraskingar, energi og speleglede! Helt sidan vårt 60-årsjubileum i 2007 har hovudkonserten vore sesongens store høgdepunkt, og vi legg ned utallige timar med øving for å...

read more
Møt jazzmusikaren Didrik Ingvaldsen

Møt jazzmusikaren Didrik Ingvaldsen

Eit tilfeldig møte kan av og til bli starten på noko heilt uventa. Som når eit korpsmedlem treff ein utflytta og delvis heimvend årdøl på Rema'en som tilfeldigvis er sambuar med ein jazzmusikar. Den utflytta heimvende årdølen er kunstnaren Reidun Rose Vinda som...

read more
Årets adventskalendar er her!

Årets adventskalendar er her!

No er adventskalendaren vår for 2024 i sal. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset. I årets lotteri har me nytt opplegg for gevinstar. Utanbygds tilhengjarar kan også kjøpe å få tilsendt kalendaren i posten. Pris pr....

read more