Grasrotandelen frå Norsk Tipping

Publisert: 30. mai 2016

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som spelar kan velje eit lag/foreining du ønskjer å støtte.

Vi oppmodar deg til å støtte oss! Då vil ca. 5 % av din innsats gå direkte til korpset utan det kostar deg noko. Det går ikkje ut over innsatsen eller premien din!

Det er enkelt å bli grasrotgjevar – og det er fleire måtar å gjere det på. Du kan gå inn på Grasrotandelen.no og sett oss som din grasrotmottakar:

Du kan også be kommisjonæren om å søke opp navnet til korpset og legge deg til som gjevar. Dersom du har registrert mobilnummeret ditt hjå Norsk Tipping, kan du i dessutan gjere det gratis via SMS:

Send «992398779» til 2020.

Lurer du på noko om grasrotandelen, finn du Norsk Tipping si informasjonsside Grasrotandelen.no.

Grasrotandelen går ikkje ut over din innsats eller eventuell premie. Din tilknytning gjelder frem til du endrer mottaker eller sletter denne. Du kan bytte din grasrotmottaker når som helst og så ofte du måtte ønske.

Takk for at du støttar korpset via Grasrotandelen!

Les fleire saker

Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Årdalstangen Musikklag går inn i sin sjuande periode sidan oppstarten av sponsorprogrammet i 2008. Med sterke røter i lokalsamfunnet og ei imponerande stønadsvilje frå næringslivet, markerar 2026 starten på tre nye år i sponsorprogrammet. Dette samarbeidet betyr svært...

read more
Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more