
Oddgeir Øren har dirigert korpset i 21 av åra i det siste kvarte århundret! Likevel kom det som eit slags sjokk på både på styre og medlemmar då han varsla om at han ville gje seg som dirigent etter denne sesongen. Innerst inne visste vi jo at denne dagen ville komme, men spesielt førebudde var vi nok ikkje.
Spørsmålet som dukka opp hjå alle, var om vi ville klare å få på plass ny dirigent til oppstarten til hausten. Det er som kjend ikkje flust opp med dirigentar tilgjengeleg i området vårt.
Styret var budd på å måtte jobbe iherdig gjennom sommaren for å finne Oddgeir sin etterfølgjar. Heldigvis vart den frykta raskt gjort til skamme då både styret og Oddgeir sin toppkandidat Thor Øyvind Nordby, sa ja til å overta nesten før vi rakk å spørje. Vi kan vel seie at dette er hell i uhell.
Ein stor takk til Oddgeir

Oddgeir har vore ein berebjelke i korpset i over fem tiår og har altså dirigert oss nesten samanhengande dei siste 25 åra.
«Du er alltid engasjert og kreativ – ikkje berre som dirigent. Du har vore ein viktig pådrivar for at døra vår skal vere open for nye musikantar – unge som gamle – og uansett alder og nivå. Og me håpar du vil halde fram slik sjølv om du gir frå deg dirigentpinnen», sa styreleiar Kristin Horge då ho takka av Oddgeir.
Oddgeir tok over som dirigent etter legendariske Asle Aanes i 2000. Etter ti år fann han ut at både han og korpset hadde bruk for eit skifte. Då kom Anders Mo frå Flåm inn i to år, før Oddgeir overtok dirigentplassen att.
Han trådte også til side i 2017 då Ben Hirons frå Eikanger-Bjørsvik Musiklag overtok som dirigent i 1,5 år før Oddgeir tok over att. Det skiftet var også initiert av Oddgeir – han var ikkje i tvil om at dette var eit høve korpset ikkje måtte la gå frå seg.
Ny dirigent med solid musikalsk ballast
Formelt tek Thor Øyvind over som dirigent frå 1. juni – i praksis når vi startar opp att etter sommarferien. Han kom til Årdal og jobben som rektor ved musikk- og kulturskulen i fjor haust. Med seg hadde han over 20 års erfaring frå kulturskular, vaksenkorps og skulekorps bak seg. I tillegg har han ein solid bakgrunn som utøvande musikar mellom anna i Sandnes Symfoniorkester.

Han er utdanna trombonist frå Stavanger og Danmark. Han har vidareutdanning innan leiing og pedagogikk, og brenn for å hjelpe musikantar i alle aldrar til å finne sin eigen motivasjon og inspirere til musikalsk utvikling. Då han kom til Årdal, tok han også over som dirigent for Farnes Skulemusikk. Med kombinasjonen som både kulturskulerektor og korpsdirigent, tykkjer han at han har draumejobben.
Fortid og framtid må henge i hop
Vi avslutta vårsesongen no på tirsdag på Klingenberg der både Oddgeir og Thor Øyvind var med. Dei nytta høvet kvar for seg til å dele nokre tankar om fortid og framtid.
Oddgeir reflekterte over bølgedalar og -toppar i korpset si historie. «Etter kneika på slutten av 90-talet, har vi fått til mykje bra», sa han. Han trakk fram prosjektet med Karl Seglem i 2013-14 og samarbeidet med Didrik Ingvaldsen på konserten no i mars, men også vellukka konsertar med berre eigne ressursar. «Grunnlaget for at me har lukkast med dei musikalske måla, er at me har godt frammøte på øvinger og seminar. Det får vi ikkje til utan at folk trivst på øving. I tillegg har me lukkast godt med tiltak for å sikre korpset god økonomi, mellom anna med sponsorprogram, eigne lotteri og bidrag frå Grasrotandelen.»
«For å unngå bølgedalar kan vi ikkje kvile på laurbæra. Skal vi vere eit levande og framtidsretta korps, må vi stadig fornye oss musikalsk, sosialt og jobbe aktivt med rekruttering,» avslutta Oddgeir.
Til dei som har antyda at dei vil slutte fordi Oddgeir sluttar, var bodskapen krystallklar: «EG skal ikkje slutte i korpset – eg går berre over i ei ny rolle. Eg gler meg til å spele med Thor Øyvind som dirigent og vere vanleg korpsmedlem. Eg sett også pris på at både Thor Øyvind og korpset ynskjer at eg skal vere erstattar for Thor Øyvind når det trengs. Eg håpar og trur eg møter dykk alle når vi startar opp til hausten.»

«Då eg fekk meldinga frå Oddgeir om at han ville gå av som dirigent, tenkte eg jo at eg sannsynligvis ville få spørsmål om å ta over som dirigent », sa Thor Øyvind då han tok ordet etter Oddgeir. «Oddgeir og eg har hatt mykje kontakt og samarbeider godt, og eg har fått eit veldig godt inntrykk av korpset. Difor hadde eg allereie bestemt meg å takke ja til dirigentjobben før korpset tok kontakt.»
Han er tydeleg på at han vil bygge vidare på grunnlaget Oddgeir har lagt, men håpar sjølvsagt også at han etterkvart kan tilføre korpset noko nytt. Han er likevel oppteken av at korpset skal halde på eigenarten sin og framleis vere eit korps for lokalsamfunnet.
Vi i korpset ser med spenning fram til ny inspirasjon, musikalsk utvikling og nytt, friskt blikk på korpsdrifta.