Årets adventskalendar er her!

Publisert: 17. november 2024

No er adventskalendaren vår for 2024 i sal. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset. I årets lotteri har me nytt opplegg for gevinstar. Utanbygds tilhengjarar kan også kjøpe å få tilsendt kalendaren i posten. Pris pr. kalendaar er kr. 100. Nedanfor finn du detaljar om både korleis du får kjøpt kalendaren og korleis gevinstopplegget er.

Me har 1460 kalendrar for sal og det er totalt 35 gevinstar med ein samla verdi på kr. 36 000. Siste frist for å hente ut gevinst om du har vunne, er 31. januar 2025. Uavhenta gevinstar tilfell korpset.

Slik får du kjøpt kalendaren

Alle korpsmedlemmar har kalendarar for sal. Kjenner du nokon av oss, kan du berre ta kontakt med vedkommande. Me vil også sitte jamnleg på Rema 1000 og enkelte andre butikkar no i tida fram mot jul

Dersom du ikkje treff på nokon av oss eller du bur utanbygds, kan du få levert kalendar på døra eller ev. tilsendt i posten. Du kan bestille kalendaren på fleire måtar:

  • Opne Vipps og søk opp 118857 (ÅML Korpskiosken).
  • Velg kategorien Adv.kal. m/levering (kr. 100).
  • Skriv inn beløp, kr. 100 pr. kalendar du vil kjøpe.
  • Legg inn adressa du vil ha levering til, i kommentarfeltet og avslutt med å betale.
  • Vi leverer på døra i nærområdet vårt eller sender i posten om du bur litt langt unna.
Biletet syner Vipps-kontoen vår. Ved ynskje om levering, velg det som er innramma med raudt.
Du kan også skanne denne QR-koden og komme rett inn på kalendar med levering.

Nytt gevinstopplegg, men framleis frå lokale bedrifter

Sjøv om me i år har endra gevinstopplegget, er gevinstane framleis gåvekort frå lokale bedrifter i Årdal som gevinstar. På denne måten vil vi gje litt attende til alle bedrifter som støttar oss på ulike måter.

I år er det ein eller fleire gevinstar kvar dag og gevinstverdiane aukar fram mot siste luka 24. desember.

  • På baksida av kvar luke finn du eit loddnummer.
  • Viss du finn det loddnummeret på den same datoen som lukenummeret du opna, har du vunne.
  • Du har ikkje vunne viss du finn loddnummeret på ein annan dato enn det lukenummeret du opna.
  • Eksempel (sjå gevinstlista til høgre):
    Viss det loddnummeret du finn på bak luke nr. 12 ikkje er eit av dei som står på 12. desember i gevinstlista, har du ikkje vunne.

Slik kan du hente ut gevinsten om du har vunne:

  • Gå inn på Facebook-sida vår og send oss ei melding.
  • Send ein epost til post@ardalstangenmusikklag.no.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more