Konsert utanom det vanlege

Publisert: 17. februar 2025

Vårens store konsert nærmar seg, og vi gler oss til å gje deg ein kveld fylt med musikalske overraskingar, energi og speleglede! Helt sidan vårt 60-årsjubileum i 2007 har hovudkonserten vore sesongens store høgdepunkt, og vi legg ned utallige timar med øving for å levere ei konsertoppleving av høg kvalitet.

Laurdag 8. mars kl. 18 er dagen og konserten har vi som vanleg i Årdal Kino.

En blid gjeng øver til konserten.

I år byr vi på noko heilt spesielt på konserten! Vi har vore så heldige å få med oss jazzmusikaren og komponisten Didrik Ingvaldsen, som utfordrar oss med nyskrivne arrangement av sine eigne verk. Den rytmiske, leikne og spanande musikken han har laga til korpset, tek oss i ei heilt ny retning. Vi lovar ei konsertoppleving utanom det vanlege.

Musikalske leiarar, Didrik, Erling og Oddgeir.
Oppstart på helgesamling i januar.
Gruppeøving med Didrik.

Dette seier Didrik sjølv om møtet med korpset: «Det har vært veldig fint. De kaster seg ut i denne utfordringen med entusiasme selv om jeg tror musikken er litt uvant for de fleste i korpset. Jeg gleder meg til å presentere resultatet for publikum!«

Vil du lese meir om kven Didrik er og korleis samarbeidet kom i stand, finner du meir om det her.

Viss du er skeptisk til denne musikken – kan du berre ta det med ro. Vi har eit variert korpsrepertoar også med både kjende låtar og meir typiske korpsstykke. Og vi har sjølvsagt med med signaturmarsjen vår, Tangingen.

Vi får òg besøk av Farnes Skulemusikk, der dei yngre medlemmane våre spelar. Dei har vore med oss på konsert nokre gonger før, seinast på jubileumskonserten vår i 2022.

Korpset saman med Farnes Skulemusikk på konserten i 2022.

Sist haust fekk dei ny dirigent, Thor Øyvind Nordby, då han overtok som kulturskulerektor. Dei jobbar hardt mot korpskonkurransen Nordvesten Sogn & Fjordane seinare i mars. På konserten vil dei framføre sitt konkurranserepertoar – ei flott moglegheit til å høyre morgondagens korpsstjerner!

Thor Øyvind Nordby. Foto: Årdal kommune

Erling Myrseth er attende som gjestedirigent for sjette år. Vi er eit korps som ikkje fartar særleg ofte på korpsturar og -konkurransar og då er det viktig å hente inn ressursar som kan gje oss ny inspirasjon. Erling har vore ein viktig del av den musikalske utviklinga vår desse åra.

Erling er sunnmøring frå Valle med utdanning frå Griegakademiet i Bergen i trompet/kornett og direksjon. Han har og Norges Musikkhøgskole i musikkpedagogikk og direksjon/ensembledidaktikk. Med andre ord ei solid musikkutdanning som han dei siste 30 åra har nytta i arbeid i kulturskule både som lærar og rektor, musikkonsulent i NMF, freelance-dirigent, kurshaldar, konferansier og dommar i konkurransar.

Erling Myrseth (Foto: Hanne Wollebekk)

Han gler seg spesielt til konserten i år og seier det har vore ei spennande musikalsk reise med korpset i desse åra. Vidare seier han:

«Det har vært en spennede og musikalsk reise disse 6 årene. Og som gjestedirigent synes jeg det er utrolig kjekt å oppleve stor musikalsk vekst og ikke minst økning i medlemstallet. Jeg opplever at korpset klarer å fornye seg og sette seg nye musikalske mål for hver ny sesongen.

I år er det spennende samarbeid med Didrik Ingvaldsen. For meg som dirigent og for korps er slike samarbeidsprosjekter utrolig spennende. Vi blir kjent med en fantastisk musiker og får dykke inn i en musikkverden og en stilart som ikke er særlig vanlig for korps, i allefall ikke for oss.  Det er både inspirerende, utviklende for alle involverte.»

Les fleire saker

Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more
Fantastisk gåve frå Sogn Sparebank til ung rekruttering

Fantastisk gåve frå Sogn Sparebank til ung rekruttering

Korpset fekk nyleg gladmeldinga om at vi er tildelt 80.000 kroner frå Sogn Sparebank sitt Gåvefond. Midlane skal gå til korpset sitt nystarta rekrutteringsopplegg «Korpsløpet» og er eit samarbeid mellom korpset og Årdal kulturskule. Speleglede kjenner inga...

read more
Frå Øren til Nordby – musikalsk leiarskifte i korpset

Frå Øren til Nordby – musikalsk leiarskifte i korpset

Upåklageleg stemning mellom avtroppande og påtroppande dirigent og styreleiar Kristin Horge. Oddgeir Øren har dirigert korpset i 21 av åra i det siste kvarte århundret! Likevel kom det som eit slags sjokk på både på styre og medlemmar då han varsla om at han ville gje...

read more