Bli med og spill med oss!

Publisert: 3. mars 2021
NB! Øvingstida er midlertidig endra til kl. 18-20 grunna stengingar i Seimsdalstunnelen.

Vi er eit tradisjonsrikt musikkorps med musikantar i alle aldrar og på alle nivå. Er du tilflyttar med korpsbakgrunn eller har lyst til å ta opp att spelehobbyen, er du velkommen til å spele med oss i amatør-/vaksenkorpset. Er du vaksen og ikkje har spelt før, vil vi også gjerne hjelpe deg med å komme i gang. Er du føresett til born som har lyst å spele i skulekorps og soknar til Tangen skule, tilbyr vi opplæring og samspel via kulturskulen. Les meir om både vaksen- og skulemusikken nedanfor.

Den kjedelege informasjonen er at vi har ein velfungerande organisasjon og ein solid økonomi. Dugnadsinnsatsen er særs minimal uansett om du speler i vaksenkorpset eller er skulemusikant.

Dersom du ynskjer å høyre meir om oss før du tek steget inn i krinsen vår, kan du sende oss EPOST og så kontaktar vi deg.

Ungdom eller vaksen? Fersk eller rusten korpsmusikant?

I «vaksenkorpset» er vi er i dag ein gjeng på vel 20 musikantar med stort spenn i både spelenivå og alder, og vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til å spele med oss. Er det lenge sidan du har spelt, får du god hjelp til å komme over kneika.

Du kan spele det instrumentet du sjølv ynskjer og vi har dei aller fleste instrument til gratis utlån mot betaling av medlemskontingenten på kr. 500 pr. år. Du vert også medlem av NMF med dei forsikringar og goder det medlemsskapet gir.

Vi tykkjer variasjon er kjekt, så vi gjer alt frå enkle speleoppdrag ute i lokalsamfunnet til nøye planlagde konsertar. Det einaste vi ikkje driv med, er meisterskapsspeling.

Oddgeir Øren er vår faste dirigent.

Musikalsk spenner repertoaret vårt over alt frå lett underhaldningsmusikk til meir krevjande konsertstoff, alt etter kva oppdrag det gjeld. Normalt har vi omkring 15 speleoppdrag i året (pre-Corona).

Erling Myrseth har vore gjestedirigenten vår sidan 2019.

Som dei fleste andre korps, samlast vi til øving ein gong i veka, tirsdagar frå kl. 1830-2030. Møtestaden er kinosalen på Årdalstangen og inngangen er frå på baksida av huset; der er det berre ei dør. Gå ned trappa og inn til høgre, så finn du oss. Bur du i Øvre og ikkje har bil, er det som regel greit å få skyss med andre medlemmar. Midtveis i øvinga har vi pause med enkel kaffimat (om smittevernreglane tillet det) der praten går lett om mangt og mykje.

Fast dirigent er Oddgeir Øren og han har lang fartstid i korpset både som musikant og dirigent. I 2022 fyller korpset 75 år og sesongen 2021/22 vert sjølvsagt prega av det. Til jubileumskonserten i mars har vi engasjert Erling Myrseth som gjestedirigent. Gjestedirigent er forresten noko vi pleier ha til dei største konsertane våre.

Skulemusikktilbodet vårt

Korpset ynskjer å bidra aktivt til at skuleelevar ved Tangen skule får eit tilbod om opplæring på korpsinstrument og samspel. Dette gjer vi gjennom eit nært samarbeid med kulturskulen og dessutan Farnes Skulemusikk sidan Tangen skule pr. i dag ikkje har eige skulekorps.

Å lære seg å spele eit instrument, gir deg ein livslang hobby. Dei eldste korpsmusikantane i Noreg er godt over 90 år! Dei seinara åra har forskninga synt at hukommelsen fungerer betre hos personar som har lært å spele eit instrument og at det gir born fortrinn i både matematikk og språk. Difor er det mange gode grunnar til å starte å spele så tidleg som mogleg.

Ved å melde dine ungar inn i korpset parallelt med innmelding i kulturskulen, vil du få dekka elevkontingenten i kulturskulen av korpset og vi låner gratis ut instrument. Ungen din vert dessutan medlem i Norges Musikkorps Forbund, med dei forsikringar og goder det medlemsskapet gir. For kvart born er korpskontingenten kun kr. 500 pr. år (2021).

Med helsing
Kristin Henriksbø Horge
– Styreleiar –

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i salg!

Adventskalendaren vår er i salg!

No er vi i gang med sal av adventskalendaren for 2023. Kalendaren kostar 75 kroner og alle inntekter går uavkorta til korpset. Dette er eit av to lotteri korpset gjennomfører årleg, og gir viktige inntekter til drifta av korpset. Vi håpar mange vil støtte oss ved å...

read more
Snart haust = Sesongstart!

Snart haust = Sesongstart!

Me håpar alle har hatt ein flott sommar og fått lada batteria. No er me klare for haustsesongen og ynskjer nye og gamle «korpsarar» vel møtt til samspel, kjekt sosialt samver og kjekke speleoppdrag. Fyrste øving etter sommaren er Tysdag 22. august kl. 1830 i kinosalen...

read more
17. mai-lotteriet er i gang

17. mai-lotteriet er i gang

No står mai for døra, og vi er godt i gang med vårt spesielle 17. mai-lotteri. Kvar skal vi spele morgonkonserten vår i år, mon tru? Vær med og bestemme kvar vi skal spele morgonkonserten vår i år med kjøpe lodd. Loddseljarar i aksjon. Lotteriet fungerer slik at på...

read more