Vårkonsert laurdag 18. mars

Laurdag 18. mars kl. 18

StadÅrdal Kino, Årdalstangen
Billettpriskr. 200
Vipps-kjøpSøk opp Korpskiosken (#118857), klikk på «Vårkonsert 18.03.2023» og betal for tal billettar.

Ein konsert der godheit, grenseoverskridande samarbeid og ein dose kjærleik er i sentrum.

Me held fram med å utfordre oss sjølve og går denne gongen ei god sløyfe utanom dei tradisjonelle korpsløypene. Me gir sjølvsagt ikkje heilt slepp på det tradisjonelle korpsrepertoaret, men kastar oss hovudstups, men ikkje hovudlaust, utfor i pop- og rockløypa!

Denne gongen presenterer me populærmusikk med noko av det beste frå Eagles («Hotel California» og «Desperado») med norske tekstar, i tillegg til «All About That Bass», «Raindrops Keep Falling On My Head» og fleire andre godbitar frå pop– og viseverda.

For å få til dette, har me fått med oss sangsolist Anne Margrete Hatlelid og to unge, lovande årdalsmusikarar; Jonas Henjum (gitar) og Morten Hestetun Flugheim (bass). Dette blir noko heilt anna, og spennande, både for røynde korpsmusikantar og for dei unge og lovande gjestemusikarane!

Erling J. Myrseth

Elles inneheld programmet et par-tre korpsnummer, mellom anna den fine «Concerto d’amore». Ein tur til filmmusikkens verden og John Williams sitt kjende filmmusikkrepertoar skal vi også, med smakebitar frå Indiana Jones, Jurassic Park og Schindlers liste.

Dirigent er Erling Myrseth som har vore vår faste gjestedirigent sidan 2019.

Som vanleg vert det pause med litt forfriskingar og høve til ein god prat med sambygdingar og tilreisande.

Me gler oss og ynskjer velkommen til konsert.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more