Musikalsk førjulsgodt laurdag 26. november

Biletet er frå siste Musikalsk Julegodt i 2019. Her er Elisabeth Stewart Søvik og Siri Benjaminsen solistar med korpset.

To år har vi måtta avlyst julekonserten vår, så vi gler oss verkeleg til å invitere til julekonsert i år. Vi har vald å legge den til starten på adventstida i år, i staden for tett opp til julehelga slik som tidlegare. Vi har akkurat starta innøving av repertoaret og kosar oss med variert julemusikk. Vi gler oss stort til å by på musikalsk julegodt laurdag 26. november i Årdal kyrkje.

Meir informasjon om tid, program og gjestar kjem når vi nærmar oss konserten.

Les fleire saker

Knakende kjekk øvingshelg

Knakende kjekk øvingshelg

Det er ein nesten uskreven regel at me samlast til helgeseminar så snart me kjem over i januar. No i helga var korpset samla til både felles- og gruppeøvingar. Det er alltid kjekt med slike samlingar - mengdetrening er gull verdt når det gjeld å knekke koden på dei...

read more
Raus gåve frå Sogn Sparebank

Raus gåve frå Sogn Sparebank

Sidan 2008 har korpset hatt eit sponsorprogram med 3-årige avtalar med lokale bedrifter. I desse dagar er vi i ferd med å inngå avtalar for perioden 2023-2025. Vi kjem attende med presentasjon av sponsorane for denne perioden litt seinare. Smilande om kapp, styreleiar...

read more
Det året det var så bratt

Det året det var så bratt

"Det var det året det var så bratt", skreiv Øystein Sunde for mange år sidan. Vi låner orda hans for å beskrive året 2022. Dei to åra før må ein kunne karakterisere som ganske "paddeflate"; ingen øvingar eller konsertar utanom nokre få tonar på 17. mai. Året 2022...

read more