Konsert laurdag 9. mars

Laurdag 9. mars kl. 18

StadÅrdal Kino, Årdalstangen
Billettpriskr. 200
Vipps-kjøpVed inngang (kontant, kort og Vipps)
På førehand med Vipps: Søk opp Korpskiosken (#118857), velg «Konsert 9. mars, Årdal Kino» og betal for tal billettar.

Musikk børstar støvet av kvardagen

Årets første konsert nærmar seg med stormskritt. Vi snakkar som regel om denne konserten som «årskonsert» fordi det på sett og vis er korpset sin hovudkonsert for året. Og hovudkonsert fordi vi tenkjer litt annleis med omsyn til repertoarval enn for dei andre speleoppdraga våre som gjerne er kortare, utandørs eller høgtidsrelatert.

I år er det «berre» korpset som sit på scena, men me lovar å varte opp med god og allsidig musikk likevel. Du får høyre musikk frå både musikalar, popverda og litt jazz .

Me har med oss ei urframføring av vår hyllest til båten «Tya» som skulle vore framført då båten kom attende til Årdal. Heimkomsten vart sopass forseinka at korpset var godt inne i sommarferien og ikkje kunne stille. Stykket er ein medley der vi sneiar innom ein skikkelig gammal korpsmarsj, vår eigen mars med spesialvri og ein bit av ein av Karl Seglem sine låtar. Idéen til stykket er det Oddgeir Øren som står for, medan Idar Torskangerpoll har laga arrangementet. Det var også Idar som som arrangerte Karl sin musikk i «Blå Botn»-prosjektet vårt i 2014.

Vi må heller ikkje gløyme signaturmarsjen vår «Tangingen» som kjem i fornya versjon i år. Marsjen er komponert av tidlegare dirigent Asle H. Aanes og i år er det 50 år sidan den vart spelt for fyrste gong.

Dirigent på årets konsert

Oddgeir Øren, dirigent og fersk kulturprisvinnar.

I år er det vår faste dirigent,Oddgeir Øren, som skal dirigere oss. Vi må 10 år attende i tida for å finne den siste årskonserten han dirigerte.

Mange lurer sikkert på kvifor, men Oddgeir har alltid ivra for at vi skal spele under andre dirigentar også og det tykkjer vi musikantar også har vore veldig kjekt.

Sjølv om det absolutt ikkje var med i planane, tykkjer vi det passar veldig godt Oddgeir dirigerer korpset sin første konsert etter at han høgst velfortent fekk Årdal kommune sin kulturpris for 2023.

Midtvegs i konserten tek me som vanleg ei pause og byr på enkle forfriskningar i foajéen.
Me gler oss stort til 9. mars og håpar mange kjem på konserten.

Billettar kan du kjøpe i døra både med kontantar, kort og Vipps.

På Vipps kan du også kjøpe billettar på førehand:

Søk opp Korpskiosken/#118857 eller scann QR-koden nedanfor og velg «Konsert 9. mars» og betal for tal billettar du vil kjøpe.

Les fleire saker

Ein unik tradisjon vert til

Ein unik tradisjon vert til

Søndag 6. november for 20 år sidan stilte vi oss opp på kyrkjetrappa heilt på eige initiativ ein ettermiddag for å spele salmar. Det var ganske tomt for folk både innanfor og utanfor kyrkjemuren, og dei få som var i nærleiken spurte om kvifor vi spelte der. Vi hadde...

read more
Korpsbasar 20. oktober

Korpsbasar 20. oktober

Me hadde ein plan om å ha basar anna kvart år då vi arrangerte basar i 2019. Så kom det ein pandemi og sette oss alle ut av spel, men no er me endeleg klare med ny basar. Basarane har stått i kø i bygda i haust og no er det berre to veker att me skal ha vår. Di støtte...

read more
Møte med ny kulturskulerektor

Møte med ny kulturskulerektor

Vi var sjølvsagt veldig spente då det før sommaren vart klart at dåverande rektor i kulturskulen, Sigyn Øren, skulle over i ny jobb. Ville kommunen klare å rekruttere inn ein ny rektor med korpskompetanse? Kva slags tankar og idear ville hen komme med? Vert kjemien...

read more