Historia vår

Etter eit møte i juni 1946, vart Fagforeningens Musikklag på Årdalstangen stifta 27.01.47. Åtte instrument til ein verdi av kr. 3258,40 vart innkjøpt og levert ut til musikantar på våren. Medlemstalet på 50-talet varierte mellom 10-20 personar. I protokollar kan vi lese om arrangement av dansekveldar (med korpsopptreden) og tallause speleoppdrag i ymse formar. I 1955 gjekk fagforeiningane inn på ei ordning som ga korpset ei støtte på 2 kroner pr. fagforeiningsmedlem.

1960-talet

I 1961 arrangerte korpset sitt fyrste musikkstemne for Sogn musikkkrins. Elles deltok korpset regelmessig på dei årlege krinsstemna. I 1964 dro korpset på ein tur Årdalstangen-Gudvangen-Voss-Vik-Årdalstangen. Det var speling på alle plassar og likeins på alle stoppestader på båten Vik-Årdalstangen. I 1967 vart dei gamle uniformane skifta ut. Medlemstalet låg frå 10-20 musikantar; 20-talet vart aldri passert.

Dirigentane våre

Her finn du oversikta over alle dirigentane me har hatt opp gjennom åra.

Styrehistorikk

Her finn du oversikta over alle styresamansetningane korpset har hatt opp gjennom åra.

1970-talet

70-talet var eit aktivt tiår for korpset. I 1975 skifta korpset namn til Årdalstangen Ungdomskorps. Då tok korpset óg opp eit lån på kr. 150.000 til nye instrument og uniformar. Lånet måtte styremedlemmane kausjonere personleg for! I 1976 arrangerte korpset sitt andre krinsstemne. Året etter var NRK og «Janitsjarhalvtimen» i Årdal; då vart det gjort opptak av korpset sin framføring av marsjen «Tangingen» av Asle Aanes. Den fana korpset nyttar i dag, vart kjøpt i 1979. Det året spelte korpset m.a. på kaia då kronprinsparet kom på besøk til Årdal. Medlemstalet var på det høgste oppe i over 40!

1980-talet

I motsetnad til 70-talet, skulle 80-talet bli eit tungt tiår. Korpset var både på musikkstemne i Ålesund og tur til England, men frå midt på 80-talet var det få medlemmar og krisestemning.

Nyare tid

Krisa på 80-talet enda med at korpset vart nedlagt 1991. Det vart restarta i 1994 etter initiativ frå Samorg. I samband med opninga av Lærdalstunellen, starta samarbeidet med Lærdal Musikklag. Korpsa har m.a. spelt saman i samband med alle tunnelopningane knytta til stamvegutbygginga. I 2000 tok ein innover seg at begrepet «ungdomskorps» ikkje lenger var dekkande for korpset; det nye namnet vart Årdalstangen Musikklag. Det vart «feira» med at ein på 17. mai i 2001 ikkje var speleføre – «og det vart stilt på Tangen» stod det på trykk i avisa. Då vakna «gamle» musikantar på Tangen – og korpset fekk nye medlemmar og ny giv. Sidan har det gått jamnt og trutt i positiv lei.

Korpset sitt hovudmål er å vere eit korps i bygda si teneste – vi ynskjer å bidra med musikk ved små og store hendingar. Dette trur vi at vi har lukkast med så langt.