
Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på haustsesongen.
Øvingsstart neste veke
Me dreg i gang haustsesongen tysdag 26. august kl. 18:30–20:30 i kinosalen på Årdalstangen – og du er hjarteleg velkomen!
Enten du er heilt ny, har hatt ein lang pause eller speler jamt frå før – me har plass til deg.

Her finn du oss på tysdagar:
Gå inn bakdøra på Årdal Kino (berre éi dør), ned trappa og til høgre – og vips, så er du i kinosalen der me øver!
Er du litt usikker på det å berre dukke opp sånn uanmeld? Send oss ei melding anten på Facebook, i kontaktskjemaet her eller på epost til post@ardalstangenmusikklag.no. Me møter deg gjerne på førehand.
Spennande med ny dirigent
Frå hausten er det Thor Øyvind Nordby som står på dirigentpodiet. Han kom flyttande til Årdal i fjor haust og tok til som rektor ved musikk- og kulturskulen. Han har med seg meir enn 20 års erfaring frå kulturskular, vaksenkorps og skulekorps – pluss ein solid bakgrunn som musikar i både korps og symfoniorkester.
Han tek over etter Oddgeir Øren, som held fram i korpset som både musikant og visedirigent. Thor Øyvind vil bygge vidare på det solide grunnlaget Oddgeir har lagt, men håpar sjølvsagt at han kan tilføre både nye impulsar og fornya pågangsmot.

Spel det instrumentet du vil!

Me har ledige instrument i alle grupper – og du kan sjølv velje kva du vil prøve deg på. Har du eige instrument på loftet, er det berre å pusse støvet av det og komme. Og er det lenge sidan du har spelt? Då kjem gamle kunstar raskare tilbake enn du trur – når du speler saman med oss enn åleine! Heilt garantert.
Det ligg an til ein kjekk haust

I løpet av sommaren har me fått to kjekke speleoppdrag som gjev oss ein skikkeleg kickstart.
- Måndag 15. september kl. 17 skal me spele i Skåri når Sogn Friluftsråd presenterar turmat frå heile verda.
- Laurdag 27. september kl. 12 er me med på opninga av SIMAS sin nye miljøstasjon i Årdal – midt i helgeseminaret med Erling Myrseth.
Ja, for me skal som vanleg ha ei kjekk spelehelg siste helga i september for å smake på ny musikk både for hausten, men også årskonserten vår på nyåret.
Me ser verkeleg fram til ein haust fylt med musikkglede og sosialt fellesskap.


