Sesongavslutting med dåp

Publisert: 22. juni 2025

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske mål.

Vigsel og dåp i juni

Glimt frå dåpsgudsteneste i Skåri 22. juni.

Juni starta med ei vakker vigsel på Seimsdalstrondi, der me spelte saman med Øvre Årdal Janitsjar. Søndag 22. juni avslutta me sesongen med speling til dåpsgudsteneste i Skåri. Det var eit veldig kjekt oppdrag å bli spurt om – organisten hadde ferie og det var ikkje lett å finne vikar, så då stilte me opp! Musikalsk leiing hadde Oddgeir, som denne gongen stilte som visedirigent etter at Thor Øyvind Nordby tok over som ny fast dirigent frå 1. juni.

Improvisasjon og overrasking på årskonserten

Vårsesongen starta som vanleg med oppkøyring til hovudkonserten i mars. Denne gongen fekk konserten ein ny og uventa vri: Gjennom eit samarbeid med jazz- og improvisasjonsmusikaren Didrik Ingvaldsen fekk publikum oppleve noko heilt utanom det vanlege.

Mange vart nok utfordra musikalsk – både musikarar og publikum, men på ein inspirerande måte!

Jazzmusikaren Didrik Ingvaldsen var med oss på konserten i mars.

Som vanleg har me òg vore ute og spelt på alle merkedagar. Me deltok på kommunen si markering av frigjeringsjubileet 8. mai, og på 17. mai var me som vanleg i aktivitet frå morgon til kveld – sjølv om me hadde nokre utfordringar med besetninga i år. Me fekk likevel gjennomført dagen med godt humør og speleglede.

Velkommen til ein ny haustsesong!

Me er i dag ein gjeng på omkring 25 vaksne som møtest til øving kvar tysdag – og me har plass til fleire! Me ønskjer nye medlemmar i alle aldrar velkomne, enten du har spelt før eller har lyst til å prøve noko nytt. Fellesskap, speleglede og det sosiale er viktig hjå oss, og me legg til rette for både unge og vaksne.

Tidlegare i år fekk me ei svært kjærkomen gåve frå Sogn Sparebank, øyremerkt rekrutteringsarbeid og oppstart av ei ny juniorsatsing i samarbeid med kulturskulen. Dette gir oss eit viktig løft i arbeidet med å få fleire unge inn i musikken – noko som er heilt avgjerande for at me skal kunne ha eit levande korpsmiljø på Tangen og i Årdal også i framtida.

No tek me ein velfortent sommarpause, men startar opp att i slutten av august – då med ny dirigent og mykje kjekt på planen. Me håpar å sjå nye fjes i rekkjene våre! Har du lyst til å vere med, eller kjenner du nokon som bør prøve seg i korps? Ta kontakt! Du finn kontaktinfo her på sida, eller ta ein prat med ein du kjenner i laget.

Les fleire saker

Fantastisk gåve frå Sogn Sparebank til ung rekruttering

Fantastisk gåve frå Sogn Sparebank til ung rekruttering

Korpset fekk nyleg gladmeldinga om at vi er tildelt 80.000 kroner frå Sogn Sparebank sitt Gåvefond. Midlane skal gå til korpset sitt nystarta rekrutteringsopplegg «Korpsløpet» og er eit samarbeid mellom korpset og Årdal kulturskule. Speleglede kjenner inga...

read more
Frå Øren til Nordby – musikalsk leiarskifte i korpset

Frå Øren til Nordby – musikalsk leiarskifte i korpset

Upåklageleg stemning mellom avtroppande og påtroppande dirigent og styreleiar Kristin Horge. Oddgeir Øren har dirigert korpset i 21 av åra i det siste kvarte århundret! Likevel kom det som eit slags sjokk på både på styre og medlemmar då han varsla om at han ville gje...

read more
Konsert utanom det vanlege

Konsert utanom det vanlege

Vårens store konsert nærmar seg, og vi gler oss til å gje deg ein kveld fylt med musikalske overraskingar, energi og speleglede! Helt sidan vårt 60-årsjubileum i 2007 har hovudkonserten vore sesongens store høgdepunkt, og vi legg ned utallige timar med øving for å...

read more