Tankar etter møte i regi av Sogn Regionråd og prosjektet «Sogn for alle»

Denne invitasjonen tikka inn til alle i styret i siste delen av april. Vi lurte nok litt på kva utbytte vi kunne forvente om nokon frå korpset drog på møtet, men sånt veit ein jo ikke før ein har vore med. Styret meinte uansett at vi burde delta om nokon hadde høve til å ta ein tur til Sogndal. Så hadde det seg slik at Oddgeir (dirigent) ville passere Sogndal på veg heimatt til Årdal den ettermiddagen – og Wenche (styremedlem) skulle uansett ein tur til Sogndal i anna ærend på slutten av arbeidsdagen og hadde høve til å forlenge turen med nokre timar. Dermed kunne korpset stille med to deltakarar på møtet.
Kva fekk me med oss frå møtet?
Då møtet starta var det klart at både ungdom og mannfolk var sterkt underrepersentert, og det tykkjer vi var synd. Hovedtyngda av deltakarene var naturleg nok frå Sogndal, men frå Årdal var det faktisk fem som deltok: Regionrådleiar Hilmar Høl, møteleiar Hanne Stedje og ÅTIL-leiar Magne Knudsen i tillegg til våre to.
Både Oddgeir og Wenche sier at møtet var interessant sjølv om det kanskje var litt i lengste laget. Fleire ulike organsiasjonar hadde innlegg om ulike tiltak dei hadde iverksett for å bidra til integrering og ikkje minst inkludering. Dei sette i gong mange tankar. Det mest interessante var nok likevel innlegget til Marianne Solbakken frå Distriktssenteret, nasjonalt kompetansesenter som ligg i Steinkjer. Ho refererte dei viktigaste funna frå forskninga om integrering. Ho peika til dømes på at vi gjerne tenkjer på flyktingar når det vert snakk om å integrere personar – vi gløymer som regel arbeidsinnvandrarar og andre tilflyttarar som er langt fleire.

Kort oppsummert er det fem faktorar ein må lukkast med for å få til ei god integrering. Arbeid og bolig er sjølvsagt på toppen av lista, men dei andre er like viktige for å få tilflyttarar til å bli. Så her har vi alle noko å bidra med både som lag/organisasjon og privatpersonar.
Kva no?
Korpset har ikkje hatt noko målretta arbeid med integrering slik ein tradisjonelt tenkjer. Spørsmålet etter møtet er sjølvsagt om vi kan bruke erfaringane andre organisasjonar har gjort i sitt arbeid med integrering og inkludering? Korpset sine to deltakarar på møtet, trur at vi heilt sikkert kan det. Kanskje skal vi sjå på samarbeid med ein eller to lag som ikkje driv med korps, og dermed nå ut til fleire sambygdingar med hobbyen vår uansett ny eller «gamal» sambygding. Kanskje kan integrering bli til rekruttering også?
Styret i korpset har allereie diskutert ein annan idé i samme gate. Kanskje passar det Oddgeir og Wenche fekk med seg frå møtet i Sogndal, saman med denne.
Muligheitane er der. Vi får det til hvis vi vil.