Fantastisk gåve frå Sogn Sparebank til ung rekruttering

Publisert: 5. juni 2025

Korpset fekk nyleg gladmeldinga om at vi er tildelt 80.000 kroner frå Sogn Sparebank sitt Gåvefond. Midlane skal gå til korpset sitt nystarta rekrutteringsopplegg «Korpsløpet» og er eit samarbeid mellom korpset og Årdal kulturskule.

Speleglede kjenner inga aldersgrense – vi spelar like sterkt anten vi løyser barnebillett eller honnørbillett på bussen!

– Me er særs takksame for støtta frå Sogn Sparebank. Banken har vore ein trufast støttespelar i mange år, og ser kva som krevst både økonomisk og innsatsmessig for å drifte og utvikle eit korps, seier styreleiar Kristin Horge.

«Korpsglede for alle» og «Korps er gøy!» er slagord frå Norges Musikkorps Forbund, og nettopp dette er kjerna i korpset sitt arbeid. Korpset er ein viktig del av identiteten i lokalsamfunnet og spesielt på Tangen. Me er til stades på ei rekkje arrangement gjennom året – noko særs mange i bygda set stor pris på. Samstundes er rekruttering ei utfordring, og kvalitetsinstrument til nye musikantar er kostbare.

Rekrutteringsprogrammet «Korpsløpet»

Det er mange år sidan korpset har hatt eit godt speletilbod til unge musikantar utanom ordninga med å dekke elevkontingenten i kulturskulen. «Korpsløpet» er eit tretrinns løp for unge musikantar som går over ca. 2 år. Det startar med klassekorps i 3. klasse i regi av kulturskulen, og går vidare til eit 2-trinnsløp med aspirant- og junioropplæring – eit opplegg som korpset og kulturskulen samarbeidar om. Etter dette reknar vi musikanten som klar til å spele i hovudkorpset.

– Difor er me ekstra glade for at gåva frå Sogn Sparebank skal gå til innkjøp av instrument til programmet for aspirantar/juniorar som me no planlegg å starte opp etter sommarferien, seier Kristin vidare.

Målet er å skape ei jamn og god rekruttering til korpset, og å tilby unge i bygda ein trygg og motiverande inngang til musikk og samspel.

Jubel frå dirigenthald

Thor Øyvind Nordby (t.h) og Oddgeir Øren jublar for støtta.

Avtroppande og påtroppande dirigentar er også stornøgde med banken si rause gåve. Thor Øyvind Nordby, som er påtroppande dirigent, tykkjer dette er eit storarta startgrunnlag og seier:
«Helt fantastisk! Dette gir virkeleg energi til å ta fatt på

dirigentjobben i korpset. Det er godt å få en bekreftelse på at korps og kultur får støtte av lokalt næringsliv.»

Mindre nøgd er heller ikkje avtroppande dirigent Oddgeir Øren som var med på utforming av korpset sin søknad. «Megakult. Korpset sin hovudstøttespelar i alle år, legg med dette bidraget enno meir til rette for auka status og rekrutteringsevne til korpsmiljøet på Årdalstangen og i Årdal. Tusen takk!», er orda hans, no som musikant og visedirigent i korpset.

Med «Korpsløpet» ønskjer me å legge grunnlaget for framtida til korpset – eit korps som framleis skal spre musikkglede og bygdestoltheit i mange år framover.

Tusen takk, Sogn Sparebank!

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more