Adventskalendaren vår er i sal!

Publisert: 24. november 2025

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss.

Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du meir informasjon om både lotteriet og korleis du får kjøpt kalendaren.

I år har me 1000 kalendrar for sal og det er totalt 34 gevinstar med ein samla verdi på kr. 24 500. Siste frist for å hente ut gevinst om du har vunne, er 31. januar 2026 og uavhenta gevinstar tilfell korpset.

Slik får du kjøpt kalendaren

Alle korpsmedlemmar har kalendarar for sal. Kjenner du nokon av oss, kan du berre ta kontakt med vedkommande. Me vil også sitte og selje kalendrar jamnleg på Rema 1000 no i tida fram mot jul. Du kan handle både med kontantar, kort eller Vipps.

Dersom du ikkje treff på nokon av oss eller du bur utanbygds, kan du få levert kalendar på døra eller ev. tilsendt i posten. Du kan bestille kalendaren på fleire måtar:

Betaling avtalar vi når vi har motteke bestillinga, men vi kan sjølvsagt ta imot betaling både med Vipps og overføring til korpset sin bankkonto.

Vinstoversikta for årets lotteri

Vinstane er som før om åra, gåvekort me kjøpar hjå lokale bedrifter i Årdal. På denne måten vil vi gje litt attende til alle bedrifter som støttar oss på ulike måter.

Det ein eller to gevinstar kvar dag og gevinstverdiane aukar fram mot siste luka 24. desember.

  • På baksida av kvar luke finn du eit loddnummer.
  • Viss du finn det loddnummeret ditt for ein dato på same dato i gevinstlista, har du vunne.
  • Du har ikkje vunne viss loddnummeret ditt står på ein annan dato enn det lukenummeret du opna.
  • Eksempel (sjå gevinstlista til høgre):
    Viss det loddnummeret du finn bak luke nr. 12 ikkje er eit av dei som står på 12. desember i gevinstlista, har du ikkje vunne.
Vinstlista i 2025.

Slik får du overlevert vinsten om du er heldig vinnar:

Om du har kjøpt kalendaren frå eit korpsmedlem du kjenner, kan du melde fra til vedkommande om at du har vunne. Eller du også få overlevert vinsten ved å varsle frå om at du har vunne, på ei av desse måtane:

  • Gå inn på Facebook-sida vår og send oss ei melding.
  • Send ein epost til post@ardalstangenmusikklag.no.

Les fleire saker

Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Takk for 2,5 millionar kroner i sponsorstøtte!

Årdalstangen Musikklag går inn i sin sjuande periode sidan oppstarten av sponsorprogrammet i 2008. Med sterke røter i lokalsamfunnet og ei imponerande stønadsvilje frå næringslivet, markerar 2026 starten på tre nye år i sponsorprogrammet. Dette samarbeidet betyr svært...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more