Musikalsk julegodt tysdag 10. desember

Tysdag 10. desember kl. 18

StadÅrdal kyrkje, Årdalstangen
Billettpriskr. 200
Vipps-kjøp#118857 / Korpskiosken, klikk på «Julekonsert, Årdal kyrkje» og betal for tal billettar.
QR-koden nedanfor, tek deg rett til billettkjøp i Vipps.

No går tida veldig fort fram mot jul. Nøyaktig to veker før julaftan, byr korpset på musikalsk julegodt saman med Årdal Gospelkor. Saman og kvar for oss vil vi fylle kirka med ekte musikkglede og julestemning slik at du får senka skuldrane litt og får eit lite pustehull i julestria. Med på konserten som solistar er også systrene Astrid og Sigrid Todal Fauske.

Programmet er samansett av eit variert utval av kjende julemelodiar i ulike sjangrar. Og er du glad i å syngja, får du høve til det også.

Me gler oss og ynskjer velkommen til konsert.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more