Velkomen til 75 års jubileumskonsert!

Laurdag 12. mars kl. 18
Stad | Årdal Kino, Årdalstangen |
Billettpris | kr. 200,- |
Dirigent Oddgeir sett seg denne gongen ned i korpset med kornetten sin, medan gjestedirigent Erling Myrseth svingar taktstokket. Med oss som gjestar har vi også Farnes Skulekorps der våre medlemmar i skulekorpsalder, spelar. Dei er det Sigyn Øren som dirigerar.

Kva slags musikk byr vi på?
Musikken vi har vald ut til konserten, speglar alle 75 åra til korpset. Vi kjem naturleg nok ikkje unna nokre marsjar og sjølvsagt er vår eigen «Tangingen» komponert av tidlegare dirigent Asle Aanses. ein av dei. Vi har også funne fram ein vals som vart spelt frå 1947 og nokre år framover. Eit større konsertstykke som vi spelte for nokre år sidan, tek vi også med. Det nyaste stykket er ein låt av Sondre Justad.
Farnes Skulemusikk sitt repertoar kjenner vi ikkje i skrivande stund, men du får også høre skulemusikken og vaksenkorpset saman i eit friskt fellesnummer.
Kvifor gjestedirigent?
Dei seinare åra har vi nytta gjestedirigentar på hovudkonsertane våre, og du lurer kanskje på kvifor. Det er fleire grunnar , men ein av dei er den magre tilgangen på gode dirigentar i nærområdet vårt. Oddgeir Øren har dirigert oss i over 20 år med eit par opphold, og han er tydeleg på at korpset treng nye impulsar med jamne mellomrom. Ved å engasjere gjestedirigent får vi det – ting vert sagt og gjort på litt andre måtar som igjen gjev ny inspirasjon og hevar oss musikalsk.

Erling Myrseth bur i Oslo og er ein særdeles ettertrakta dirigent. Han kom inn som gjestedirigent hjå oss i 2019 og vi trivdes så godt i lag at vi planla at han skulle dirigere oss i 2020 også. Så langt kom vi aldri – vi fekk med oss ei øvingshelg på Mastemyr i januar, men fekk aldri gjennomført konserten grunna pandemien. Den sette ein stoppar for all musikalsk aktivitet i halvanna år fram til sist haust. I oktober hadde vi ei fin «kick-off» øvingshelg med Erling her i Årdal og no i januar ei kjempekjekk øvingshelg på Mastemyr utan for Oslo.
No gler vi oss til endeleg å spele konsert for publikum igjen, og håpar kinosalen vert stappande full med folk.
