Helgemessekonsert 2. november

Laurdag 2. november kl. 17

StadKyrkjegarden, Årdal kyrke
BillettprisGratis

Laurdag 2. november er dagen før Helgemesse og som vanleg inviterar vi til ein liten, stemningsfull konsert på kyrkjegarden til Årdal kyrkje. I år er det 20. året vi har denne lille konserten – ei av dei kjæraste, årlege speleoppdraga våre både for oss og sambygdningar.

Er du i nærleiken, voner vi du stoppar opp og lyttar. Vi spelar ein blanding av kjende salmar og meir verdsleg, men høveleg musikk. Dette er ikkje kvelden for applaus – den tek vi gjerne imot på andre konsertar og speleoppdrag.

Les fleire saker

Adventskalendaren vår er i sal!

Adventskalendaren vår er i sal!

Kvart år sidan 2002 har me gjennomført adventslotteri i form av ein adventskalendar. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset og er ei veldig viktig inntektskjelde for oss. Prisen pr. kalendar er kr. 100 og nedanfor finn du...

read more
Velkomen til sesongstart

Velkomen til sesongstart

Sommaren er på hell og kvardagen har vel komme sigande på oss alle. Me voner både musikantar og publikum har hatt ein kjekk sommar. Korpset sine planar fram til neste sommar var klare allereie før me tok sommarferie, så no er me heilt klare til oppstart på...

read more
Sesongavslutting med dåp

Sesongavslutting med dåp

Vårsesongen har vore både travel og kjekk for Årdalstangen Musikklag. Me har vore innom alt frå tradisjonelle speleoppdrag til spennande samarbeidsprosjekt – og både vigsel og dåp. No tek me ein velfortent sommarferie før ein ny haust med friske krefter og musikalske...

read more