17. mai-programmet vårt

Endeleg skal vi få feire ein normal 17. mai igjen.

Kl. 0800
Vi spelar til flaggheis framfor Rådhuset på Tangen.
Og vi har ei overrasking på lur – kjem du?

Ca. kl. 9
Lotterikonsert på vinnaradressa (vert trekt under frukosten)

Kl. 1030
Konsert ved sjukeheimen på Tangen

Kl. 1100

Vi benkar oss på lasteplanet til Hæreidsgutane og spelar i skuletoget.

Kl. 1230

Vi spelar på festarrangementet i idrettshallen på Tangen.

Kl. 1600

Vi rundar av dagen med konsert på sjukeheimen i Seimsdalen.

Les fleire saker

Vår 17. mai

Vår 17. mai

Flaggheis kl. 8 i nye uniformar. Så kom endeleg dagen som heile Noreg har gledd seg til - ein normal 17. mai utan avlysningar, smitteverntiltak og karantenereglar. Etter fleire gufne dagar med regn, vind og låge temperaturar, vakna vi opp til strålande vær på...

Integrering + Inkludering = Rekruttering?

Integrering + Inkludering = Rekruttering?

Tankar etter møte i regi av Sogn Regionråd og prosjektet "Sogn for alle" Spennande - Slik så invitasjonen ut som gjekk til lag og organisasjonar. Denne invitasjonen tikka inn til alle i styret i siste delen av april. Vi lurte nok litt på kva utbytte vi kunne forvente...

Støtt oss gjennom 17. mai-lotteriet

Støtt oss gjennom 17. mai-lotteriet

Etter to år utan å ha fått gjennomført dette lotteriet, er vi klare igjen for å lodde ut ein morgonkonsert på 17. mai. I dette lotteriet kan du for eksempel: Gjere stas på ein god nabo eller venGlede deg sjølv med ein eigen korpskonsertFri til den du elskarVekke ein...